Vil du jobba med kommunikasjon i NGIR?

NGIR søkjer initiativrik kommunikasjonsrådgjevar i eitt års vikariat

Det er omlag 55 tilsette i NGIR, delt mellom administrasjon og utedrift. God og effektiv kommunikasjon med ulike målgrupper, som hushalds – og hyttekundar, verksemder og eigarkommunar, er viktig for at NGIR skal nå sine mål.
Kommunikasjonsrådgjevaren har difor ei sentral rolle i vidareutviklinga av eit miljøvenleg og kundeorientert avfallssystem i NGIR-området.

Arbeidsoppgåver:
Vikariatet dekkjer ei full stilling, men lågare stillingsprosent kan og vera aktuelt. Hovuddelen av arbeidet vil vera knytta til kommunikasjonsarbeid, men du vil og kunne få andre administrative oppgåver.

• Heilskapleg profilering av NGIR.
• Gjennomføring og vidareutvikling av selskapet sin
kommunikasjonsstrategi.
• Produksjon av annonser, infoskriv og publikasjonar.
• Publisering og vedlikehald på ngir.no og sosiale medier.
• Mediekontakt.
• Samarbeid med skular og friviljuge organisasjonar.
• Sakshandsaming og prosjektarbeid.

Du bør ha utdanning innan informasjon/kommunikasjon/medievitanskap, og det er ønskjeleg med relevant arbeidserfaring. I tillegg bør du ha kjennskap til grafisk programvare og webpublisering. Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me søkjer ein initiativrik og resultatorientert person med gode samar-
beidsevner og evne til å arbeida sjølvstendig. Stillinga krev god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Administrasjonsmålet er nynorsk. Løn etter avtale. Oppstart snarast.

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Bjørn Berg, tlf: 56 34 33 29/
901 10 545.

Søknad med CV og evt. kopi av attestar merkast “søknad” og sendast på e-post til: berg@ngir.no

Søknadsfrist: 4. mars 2018.