Vårrydding 2018

Datoar for vårrydderuta er sett, men ikkje for Solund, der det kan verta mellombels mottak. Me minner om at det IKKJE er lov å leggja ut avfall langs vegane.
For å få betre avfallshandtering og redusera avfall på avvegar, vurderer Solund kommune og NGIR å setja opp mellombels mottak i Solund. Dette blir same tilbod som ein har på Fedje og i Modalen, der tiltaket har vore vellukka. Rydderutene krev store ressursar, og eit mellombels mottak gir betre sortering og styring på ressursane.

Fleire stader opplyser sjåførar at dei ser «avfallsdepot» som ligg langs vegane. Det er mogleg dette er avfall som er tenkt til vårrydderuta. Me minner om at det ikkje skal setjast ut avfall til desse rutene før tidlegast to veker før ryddedato. Avfall som vert lagt ut no er å rekna som førsøpling, og det kan gjera skade på folk og dyr.

Vårrydderute og mellombelse mottak 2018