Vann 10 000 kroner på kartongar

Sigrun og Ivar Håland i Knarvik har bretta og skylt melkekartongar i mange år. No har dei vunne 10 000 kroner i Returkartonglotteriet!

Paret har bretta og skylt melkekartongar i mange år, og det er første gong dei vinn i dette lotteriet. Men dei kjenner til andre som har vunne.

Sigrun og Ivar Håland vann 10 000 kroner i Returkartonglotteriet.

 

Sigrun og Ivar fortel at det stort sett er Sigrun som skyl og Ivar som brettar. I kubben som dei leverte i papirdunken sin, var det heile 14 kartongar! «Eg brukar å ta av korken for å få plass til fleire. Eg legg kartongane på golvet og trakkar dei flate. På det meste kan eg få 17 kartongar i kubben», seier Ivar. Paret har bretta kartongar sidan lotteriet starta, og det vil dei halda fram med! Å vinna gjev ein ekstra motivasjon, og NGIR gratulerer med innsatsen!

Vil du og vinna? Skyl og stapp seks kartongar i ein sjuande, 6i7, og skriv namn og telefonnummer på kubben. Legg kubben i papirdunken, og du har eit lodd til Returkartonglotteriet! Du kan vinna 10 000 eller 100 000 kroner. Grønt Punkt samlar inn emballasje i heile landet, og det er dei som som står for lotteriet.

Les meir om Returkartonglotteriet her:
https://www.grontpunkt.no/innsamling-og-gjenvinni…/lotteriet