Tenester

Konteinarleige

Skal du rydda eller riva større ting? Du kan leige konteinar for levering av avfall hjå NGIR. Merk at elektrisk eller elektronisk avfall og farleg avfall ikkje kan leverast på denne måten. Du betalar for transport, avfall og leige av konteinar. Sjå eigne prisar for næringsavfall.

Prisliste konteinartransport

Prisane nedanfor gjeld frå 01.01.2018, og gjeld transport av avfall i konteinar. Pris for sjølve avfallet og eventuelt leige av konteinarar er ikkje inkludert. Sjå eigne prislister for dette.

Konteinartransport

Alle prisar er eks. mva.

Sone 1-10 m3
11-45 m3
A Kr 862,- Kr 1 059,-
B Kr 1 142,- Kr 1 387,-
C Kr 1 984,- Kr 2 283,-
D Kr 2 928,- Kr 2 974,-
E Kr 3 125,- Kr 3 278,-
F Kr 2 327,- Kr 2 377,-
G Kr 5 333,- Kr 5 333,
H Kr 6 011,- Kr 6 011,-

 

Sjå kart med soneinndeling av pris

Konteinarleige

Prisane nedanfor gjeld frå 01.01.2018, og gjeld for handsaming av konteinarar. Pris for levering av avfallet og transporten er ikkje inkludert. Sjå eigne prislister for dette.

Alle prisar er eks. mva.

Storleik/type Dagsleige
140 l plast Kr 0,38
240 l plast Kr 0,60
660 l plast Kr 1,43
2,5 m3 m/lok Kr 8,94
4,5 m3 m/lok Kr 11,18
8,0 m3 m/lok Kr 16,76
8,0 m3 open Kr 12,30
30 m3 open Kr 43,60

 

Dei vanlegaste konteinarane me leiger ut:

8 m3 open konteinar.
8 m3 open konteinar.

 

Lukka 8 m3

Dette skal ikkje i NGIR sine konteinarar

  • Farleg avfall
  • EE- avfall
  • Eksplosivt avfall
  • Radioaktivt avfall
  • Flytande avfall
  • Slakte- og fiskeavfall
  • Bildekk

Handsaming av desse avfallstypane er regulert gjennom eigne forskrifter som verksemder er pålagde å følgja.
Ta kontakt for rådgjeving og bestilling av konteinar.

Stein og grus

Steinuttaket er ope:
Måndag- onsdag: 08.00-15.00
Torsdag: 08.00-17.30
Fredag: 08.00-14.30
Laurdag: Stengd

NGIR sel mange typar sand, grus, stein og pukk frå steinuttaket i Kjevikdalen.

Prisar

Storleik i    mm Fraksjon Kode
Pris per tonn u/mva
Pris per tonn m/mva  
0-6 Steinsand 907 90,- kr 112,50
0-16 Grus 903 100,- kr 125,-
0-32 Grus 904 90,- kr 112,50
0-100 Sams masse 905 90,- kr 112,50
6-16 Singel 908 130,- kr 162,50
16-32 Pukk 901 100,- kr 125,-
16-64 Pukk 916 100,- kr 125,-
32-100 Pukk 909 100,- kr 125,-
Sprengstein 902 50,- kr 62,50
Minstepris per lass 200,- kr 250,-
  • Prisane gjeld sal per tonn til privatpersonar og inkluderer opplasting i Kjevikdalen. Transport må ein sjølv organisera.
  • Store kundar, som entreprenørar o.l. kan få rabatt på større mengder. Ta kontakt på førehand og be om tilbod ved større leveringar.

Kompostjord

Du kan kjøpa kompostjord hjå NGIR i Kjevikdalen frå mai til september/oktober, eller så langt lageret rekk. Jorda er blanda med fin sand, og eignar seg best til plen. Kompost kan også nyttast i blomsterbed dersom du blandar ut jorda med blomsterjord.

Kompostjorda kostar kr 300,- per tonn, eks mva.

 Måndag-onsdag  08.00–15.00
 Torsdag  08.00–17.30
 Fredag  08.00–14.30
 Laurdag  Stengd

Køyretøy, campingvogner og båtvrak

Måndag–onsdag 08.00–15.00
Torsdag 08.00–17.30
Fredag 08.00–14.30

På grunn av anleggsarbeid på bilvrakmottaket, kan ein ikkje levera bilvrak hjå NGIR i september og oktober 2018.

Bilvrak kan berre leverast i Kjevikdalen på vekedagar. NGIR tek ikkje imot bilvrak på laurdagar.

Levering av køyretøy:

Bilvrak og bildekk kan leverast ved å ta kontakt med resepsjonen i Kjevikdalen. Sjå kart over Kjevikdalen.
Gjenvinningsstasjonane på Litlås, Manger eller Mjåtveit tek ikkje imot bilvrak og bildekk.

  • Køyretøyet skal vera rydda for boss og bildelar. Hugs å fjerna autopassbrikken og seie opp avtalen.
  • Køyretøyet må vera ulåst. Dette gjer det enklare og tryggare for oss å frakta vraket til etterhansdsaming.
  • Gje melding om køyretøyet går på gass eller straum (EL)/hybrid. Desse må sikrast før handsaming.
  • Ta med kvittering for innleverte skilt og vognkort. Om skilta enno ikkje er leverte inn, MÅ ein visa vognkort.
  • Personnummeret til den som skal ta imot vrakpanten må oppgjevast.
  • Det er ikkje lov å skru på køyretøyet etter at den er innlevert.
  • Køyretøyet skal vera heilt ved levering; det vil seie at karosseriet ikkje skal vere kutta i.
  • Fem bildekk kan leverast med kvart køyretøy, inkludert dei som er på. Du kan altså levera ein bil med fire hjul og eit stephjul. Eventuelt andre hjul må takast ut av køyretøyet og kan leverast gratis i konteinar på gjenvinningsstasjonen i Kjevikdalen. Forhandlarar av dekk er og pliktige til å ta i mot bildekk.

Vrakpant og årsavgift

Minstekrav for å få utbetalt vrakpant

  • Frå 1. januar 2018 får du vrakpant også på moped, lett motorsykkel, tung motorsykkel, campingvogn og campingbilar. Sjå liste over kva køyretøygruppe du kan få vrakpant på dersom du leverer hjå NGIR. Sjå liste over kva køyretøygruppe du kan få vrakpant på dersom du leverer hjå NGIR  (pdf-dokument)
  • Køyretøyet skal leverast med heil og ikkje oppdelt ramme, chassis eller bærande karosseri kor understellsnummeret er prega, jamfør § 4.7 i forskrift om kasserte kjøretøy.
  • Taket på køyretøyet må ikkje trykkast ned før levering. Dette gjer det vanskeleg å miljøsanera bilen, og kan påføra eigar ekstra kostnader. Er det naudsynt å trykka ned taket på grunn av transport eller anna, må det takast kontakt med NGIR på førehand.

Dekk og fjerning av delar

  • Bileigar har høve til å fjerna delar, dørar, skjermar og motor før innlevering. Det skal i utgangspunktet ikkje skjærast i bilen for å ta ut delar.
  • Bileigar kan fjerna dekk umiddelbart etter at bilen er levert på biloppsamlingsplassen. NGIR tek fritt imot dekk som bilen står på, samt reservehjulet. Fleire dekk kan leverast på gjenvinningsstasjonen.
  • Dekkforhandlarar har plikt til fritt å ta imot kasserte dekk.
  • Gassbehaldarar/-flasker må fjernast frå campingbilar-/vogner.
  • Gasstankar og septiktankar på campingbilar må vera tømde før levering.

NB: NGIR tek berre imot køyretøy som kvalifiserer til vrakpant, i tillegg til personbilar med utanlandsk registreringsnummer.

Kasserte fritidsbåtar

Privatpersonar kan levera kasserte fritidsbåtar på inntil 49 fot til NGIR i Kjevikdalen. Du kan søkja Miljødirektoratet om refusjon på kr 1000,- per båt.

  • Fyll inn refusjonsskjema og ta med utfylt skjema til Kjevikdalen når du skal vraka båten. For å få refusjon, må du sjølve senda inn skjema til Miljødirektoratet.
  • Fritidsbåtar på inntil 15 fot (4,57 meter) kan leverast gratis i Kjevikdalen, men ikkje på gjenvinningsstasjonane. Ordninga gjeld og kajakkar, kanoar og liknande.
  • Dersom båten er større enn 15 fot, må ein ringje på førehand og avklare tid for levering. Dette er på grunn av lagringskapasitet.
  • Det er gratis å levera båtvrak opptil 3 tonn. For tyngre båtar, betalar ein restavfallspris for vekta over 3 tonn.
  • Båten kan leverast på alle kvardagar i Kjevikdalen. Kom 1/2 time før resepsjonen stengjer.
  • Båten vert vegd i Kjevikdalen.
  • Båten skal vera rydda for boss.
  • Farleg avfall og gassbehaldarar må fjernast frå båten før levering.
  • Skroget må reingjerast for tang og skjel, såkalla «marin begroing».Refusjonsskjema (pdf)

Tilskot til båteiegarar

Miljødirektoratet har innførd refusjonsordning for kasserte fritidsbåter.  Beløpet er kr 1000,- per båt, og søknaden sendast til Miljødirektoratet. For å få utbetalt tilskotet må båteigar fylle ut og få signert eit skjema som bekreftar eigarskap og levering til godkjend mottak. På Miljødirektoratet sine heimesider kan du lesa meir om søknadsprosessen og finna meir informasjon om refusjonsordninga.

MENY