Svarte avfallsekkar

I media har det dei siste dagane vorte skrive om forbod mot levering av svarte avfallsekkar.

Norsk Gjenvinning har innført forbod mot levering av svarte og farga avfallsekkar, men dette gjeld førebels ikkje hjå NGIR.

Kanskje vil fleire i bransjen innføre eit slikt forbod, men enn så lenge har ikkje NGIR planar om dette.

Det er difor heilt lovleg og uproblematisk å levera svarte avfallsekkar hjå oss.