Stort engasjement på Fløksand

Arbeidsinnsatsen på Fløksand var svært bra førre helg.  

På Fløksand var det stort oppmøte til strandrydding både laurdag og sundag førre helg. Laurdag 5. mai deltok bygdefolk saman med statsminister Erna Solberg, ordføraren, Ung Meland, lag frå Kvernbit med fleire på den nasjonale strandryddedagen. Ryddinga føregjekk i badevika på Fløksand.

Sundag 6. mai var det boss og strandrydding i regi av Fløksand grendelag. Dette har vore ein tradisjon i mange år. Både fastbuande, hyttefolk, store og små møtes for å rydde i strandsona. I løpet av helga vart det plukka ca 200 kg boss totalt. Ei ekstra takk går til Bente Larsen Fløisand (bilete til høgre) for sitt mangeårige engasjement i strandryddesaka. Eit arbeid som strandrydding er avhengig
av katalysatorar som ho.