Sikre bossdunken i stormen

Vinden tek godt om dagen, og det er meld kraftig vind komande døgnet.


For å vere føre var, oppmodar me kundane våre om å sikra bossdunkane sine ved å setja dei inntil ein vegg, ta dei innomhus eller binda dei fast til noko.

Har du tømmedag på ein stormfull dag, må du vurdera om det er trygt å setja ut dunken. Du kan eventuelt sikra dunken med å leggja ein stein på loket, eller å setja fleire dunkar saman eller inntil noko stødig. Dersom du kan venta lengst mogleg før kl 07.00 med å setja fram dunken på hentedagen, kan det og vera ei god sikring.

Får du ikkje tømd dunken på hentedagen, kan du avtala å setja fram ein ekstrasekk med restavfall ved neste tømming. Du kan alltid setja fram ein ekstra returplastekk med plast eller papir ved sidan av papirdunken. Hugs då å ikkje blanda plast og papir i same sekk!

NGIR gjer det me kan for å halda rutene slik at alle kundar skal få tømd bosset sitt. Dersom du ikkje får andre meldingar frå oss, skal du alltid setja fram dunken til kl 07.00 på tømmedagen, og venta med å henta inn dunken til den er tømd. Takk for hjelpa!