Skulebesøk

Omvising hjå NGIR

Skuleungdom ser på tønne med batteri
Skuleborn ser på tønne med batteri.

NGIR ønskjer å bidra til å etablera kunnskap og gode haldningar til avfall og miljøvenleg ressursutnytting hjå born og unge. Det har vist seg å ha god effekt å leggja inn eit besøk til avfallsplassen i Kjevikdalen. På denne måten får elevane eit forhold til dei store avfallsmengdene som vert skapt i regionen, og kva som skjer med dei. Undervisningsopplegget er først og fremst retta mot 4. klasse.

Informasjon og omvising

Omvisning på gjenvinningsstasjonen, sorteringsanlegg og evt vrakbilplass. Informasjon og konkurranse inne, der ein får prøva seg på kjeldesortering i praksis.

Dersom de har tid og lyst, kan de på eiga hand gå ei flott naturløype med miljøpostar like ved anlegget. Tid: omlag 1 time.

Tryggleik

Det vert lagt stor vekt på tryggleik i Kjevikdalen, då dette er eit industriområde. Det er særleg viktig at elevane er merksame på trafikk og maskinar i arbeid. Omvising skjer på føremiddag, då det er minst tungtrafikk på området.

Gratis skulemateriell

Før besøket kan ein få tilsendt elevhefte i regi av LOOP miljøskule med tema om avfall, kjeldesortering og miljø. Alt vert sendt kostnadsfritt til skulen.

Transportstøtte

NGIR kan finansiera utlegg for offentleg transport til Kjevikdalen. Det kan vera lurt å vera tidleg ute for å tinga avtale. Ta kontakt på telefon 56 34 33 10 eller send mail til ngir@ngir.no.
Velkommen på omvisning i Kjevikdalen!

Nyttig materiell frå Loop

  • Undervisningshefter om kjeldesortering og avfall til barnehage og skule kan bestillast gratis på loop.no. Det kan vere nyttig å gå gjennom heftet før skulebesøket til NGIR.
  • Teaterførestilling: Garbagiamysteriet om forbruk og miljø. Utvikla for 4. trinn av LOOP Miljøskole og Kulturværste, og kjem som ei komplett pakke som viser korleis de enkelt kan sette opp stykket hjå dykkar skule.
  • Interaktiv og digital avfallspyramide. Morosamt og lærerikt hjelpemiddel.
  • Spel: «Invaders» – http://miljøskole.no/wasteinvaders/

    Waste Invaders er en kampanje som på ein engasjerande måte lærer born i barnehagen og barneskulen korleis dei kjeldesorterar rett og kvifor det er viktig å spise opp matpakka. LOOP Miljøskole har utforma kampanjen i samarbeid med Grønt Punkt Norge og Matvett.

  • Du kan og bestille gratis plakat her. På nettsiden til LOOP Miljøskole finn du mykje morosamt og nyttig som kan brukast i undervisninga.