Lag mindre avfall

resirkuleringÅ kjeldesortera avfallet og levera det til gjenvinning sparar naturressursar og energi. Det aller beste for miljøet er likevel at det vert produsert mindre avfall. Her er nokre tips til korleis du kan redusera avfallsmengda.

Har du eigentleg bruk for det?

Mange har fokus på at det er for mykje emballasje på tinga me kjøper. Sjølv om me bør prøva å unngå unødvendig emballasje, vil det gje langt større effekt å la vera å kjøpa sjølve produktet. Reklamen sitt viktigaste mål er å få oss til å kjøpa meir. Ikkje la deg overtala før du har tenkt over om det du allereie har er ”godt nok”.

Unngå impulskjøp

Viss du planlegg handleturane og skriv handleliste, er det mindre sjanse for at du kjem heim med ting du eigentleg ikkje har bruk for.

Vel kvalitet og tidlaus design

Produkt med god kvalitet og lang levetid er best for miljøet, og oftast er dei og mest verdifulle for deg. Stol på din eigen smak, – den endrar seg neppe like fort som motane.

Reparer

Viss du reparerer i staden for å kasta og kjøpa nytt, skjer verdiskapinga med mykje mindre forbruk av ressursar, og med mykje mindre avfall som resultat.

Bruk ting opp att

Kanskje kan tinga du vil kasta brukast likevel? Heldt det å måla eller skifta frontane på kjøkkenskåpa, framfor å bytta heile kjøkkeninnreiinga? Kan sofaen verta ny med nytt trekk, eller med nye pynteputer? Kan den slitte buksa bli til ein shorts? Kva med å bruka tomme isboksar til å frysa ned middagsrestar? Ver kreativ før du kastar og kjøper nytt!

Kjøp og sel brukt

Veldig mykje kan kjøpast brukt. Når du kjøper brukt, held du ”hjula i gong” utan å tilføra miljøet nye belastingar. Hugs og å selja eller gje bort brukbare ting du vil kvitta deg med.

Undersøk kva som finst av bruktbutikkar og loppemarknader i nærområdet ditt, eller kjøp og sel ting via nettet. Sjå til dømes finn.no, KIM sin gjenbruksbutikk, NMS sin gjenbruksbutikk og Fretex (Bergen).

Veit du om ein brukthandel eller liknande som du vil at NGIR skal informera om, så send ein e-post med lenke og litt informasjon til post(a)ngir.no

Gje bort og ynsk deg opplevingar og tenester

Dei fleste av oss har huset fullt av ting, så det å finna på ei god gåve kan vera ei utfordring. Kva med å gje bort (og ynska seg) ei oppleving eller ei teneste? Sjå Grønn Hverdag sine tips om miljøvenlege gåver. Klikk på «Ferie og fritid» og «Gavetips fra A til Å».

Stopp uønska reklame og gratisaviser

Viss du ikkje les reklamen/gratisavisene du får, er dei ikkje anna enn overflødig papir. Merk postkassa di med ”Nei takk til reklame” og/eller ”Nei takk til gratisaviser”. Du kan laga merka sjølv, eller be om å få tilsendt merke frå NGIR . Det er ikkje naudsynt å fylla ut skjema om dette på postkontoret. Ver likevel merksam på at kommunane og NGIR ofte nyttar ”fulldistribusjonar” av lokalavisene til å annonsera i. Viss du seier ”Nei takk til gratisaviser”, vil du ikkje få desse avisene, dersom du ikkje abonnerar på dei til vanleg.

Et opp maten

Mykje fullt eteleg mat vert kasta, mellom anna fordi me kjøper og lagar meir mat enn me et, eller fordi me trur at maten kan ha vorte dårleg. Viss du held god oversikt over kva du har og kva du treng å handla inn, kan du spara mykje både ressursar og pengar. Lær deg forskjellen på haldbarheitsmerkinga ”Siste forbruksdag” og ”Best før”. Hugs at ”Best før” ikkje tydar ”Dårleg etter”. Les meir om datomerking på nrk.no

På nettet finn du rikeleg med tips om bruk av restemat, til dømes i bloggen restemat.blogspot.no/. Kanskje finn du ei ny favorittoppskrift! På matvett.no finn du og mange nyttige tips for å redusera kasting av mat.

Unngå eingongsprodukt

Prøv å unngå eingongsprodukt som papptallerkar, papp-/plastkrus, papirdukar, eingongsklutar, plastbereposar og eingongsgrillar. Det finst gode alternativ for dei fleste høve.

Bruk tøybleier

Ved å bruka tøybleier framfor eingongsbleier, kan du spara mykje avfall. På grunn av avføring og urin i eingongsbleiene, er det lite energi å henta frå dei, sjølv om dei vert brent som restavfall med energiutnytting. For at tøybleier skal koma best ut av miljøreknestykket, er det likevel ein føresetnad at dei vert vaska i full maskin på 60 gradar (ikkje kokvask), og at dei vert lufttørka (ikkje tørketromla).

Tøybleier

babyFor å oppmuntra til tøybleiebruk, sponsar NGIR kundar som vel å bruka tøybleier framfor papirbleier. Du kan få dekka 2/3 av beløpet og maks kr 1 000 ved kjøp av ei startpakke med tøybleier. Ved mindre suppleringskjøp kan me og yta økonomisk tilskot. Send oss kopi av kvitteringa saman med termin- eller fødselsdato til barnet, namnet ditt, adresse og kontonummer.

Prisen på tøybleier og papirbleier er variabel, men du sparar fleire tusenlappar på å bruka tøybleier.

Ta kontakt med NGIR per e-post: post(a)ngir.no eller telefon 56 34 33 10.

Meir informasjon?

På Facebook finst det forum for tøybleier og kjøp og sal:
https://www.facebook.com/groups/toybleiesnakk/
https://www.facebook.com/groups/toybleietorg/

På desse sidene finn du meir informasjon om tøybleiebruk:

A-H I-L M-U V-Å
Bereglede.no
Bleieforeningen.no
Cottonchild.no
Eddabedda.no
Gåsungen tøybleier
Green-rose.no
Hippehippo.no
Kenguruloftet.no
Levlogisk.no

Lillegullbleier.no
Lillepia.no
Mammabutikken.no
Nøstebarn.no
Tøybleia.no
 
Vidunderbarn.no