RenoNorden køyrer for NGIR

Like namn i transportørbransjen har skapt eindel forvirring hjå kundar og medier. Ved årsskiftet starta RenoNorden som ny transportør hjå NGIR. Dette er ikkje Veireno som var transportør i Oslo og som i går slo seg konkurs.

I ein artikkel i Strilen på torsdag, «Nye bossbilar kan gje bossforvirring», stod det om Veireno sine bilar, men det skulle altså ha stått RenoNorden.