Raude dagar i mai/juni 2019

Det er ikkje bosstømming på raude dagar og alle gjenvinningsstasjonar er stengde desse dagane.

Bosset vert difor ikkje tømt 1., 17.,  30. mai og 10. juni. Dersom dunkane vert fulle før neste ordinære tømming, kan du nytta ein bossekk til restavfall og ein blank plastsekk til papir og papp. Ikkje bland plast og papir i same sekk.

Restavfallssekken kan setjast ut ved neste ordinære tømming av restavfall. Plastsekken med papir og papp kan setjast ut ved neste ordinære tømming av papir og papp. Du kan alltid setja ut fleire plastsekkar med plastemballasje.

Me ynskjer alle ein flott mai månad!