Plastgjenvinning: når er det reint nok?

Lurar du på kor godt du må skylje plastbosset?

Når plasten er rein nok er ikkje alltid lett å vite. Her kan du finne smarte tips som er laga av Grønt punkt. Videoane under innheld også døme.

Nokon spør kvifor me må skylja plasten. Det finns fleire grunnar til dette. Det overordna svaret er at plasten må vera rein før den kan gjenvinnast for å sikra så høg kvalitet som mogleg på den gjenvunne plasten. Ein annan grunn, spesifikt for NGIR, er at me samlar inn klede i lilla tekstilposar saman med papir, papp og plast i den blå bossdunken. Urein plast fører til luktproblem. Og med lukt kjem også gnagarane på sorteringsanlegget vårt i Kjevikdalen. Dette ønskjer me å unngå, så skyl plasten om den er urein.