Påska 2019

Det vert ikkje bosstømming på raude dagar og gjenvinningsstasjonane er stengd påskeaftan. Bosset vert difor ikkje tømt 18. – 22. april. Dersom dunkane vert fulle før neste ordinære tømming, kan du nytta ein bossekk til restavfall og ein blank plastsekk til papir og papp. Ikkje bland papp/papir og plast i same sekk.
Restavfallssekken kan setjast ut ved neste ordinære tømming av restavfall. Plastsekken med papir og papp kan setjast ut ved neste ordinære tømming av papir og papp. Du kan alltid setja ut fleire plastsekkar med plastemballasje.

Opningstider for gjenvinningsstasjonar, resepsjon, bil-/båtvrak:

15. og 16. april: Vanleg opningstid.
17. april: 08.00-12.00 i Kjevikdalen. Mjåtveit gjenvinningsstasjon stengd.
20. april: Alle gjenvinningsstasjonar er stengd påskeaftan.

Me ynskjer alle ei god påske!