NGIR søkjer transportleiar

Utlysinga er utgått!

NGIR har ledig fast 100 % stilling som transportleiar. Søknadsfrist 20.01.2019.

NGIR – Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS – tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy og Solund. Selskapet tilbyr i tillegg avfallstenester til næringslivet i regionen.  NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Lindås kommune. NGIR har 55 tilsette og omset for om lag 100 millionar kroner.

NGIR søkjer etter transportleiar for leia og koordinera vår transportavdeling. Denne stillinga inneber ansvar for sjåførar, komprimatorbilar, krokbilar og skåpbil.

Arbeidsoppgåver:

  • Leia transporttenesta til verksemda og sørgje for at NGIR utfører sitt samfunnsoppdrag til ønska kvalitet.
  • Leia og koordinera transport av materiell og personell.
  • Følgje opp sørvis på køyretøy.
  • Avvikshandtering.
    Personalansvar for NGIR sine sjåførar.
  • Ruteplanlegging og kontinuerleg optimalisering av våre ruter og transportflåtestyring.

Ønska kvalifikasjonar:

  • God kjennskap til store køyretøy og vedlikehald av desse.
  • God økonomiforståing.
  • God IT-forståing og evne til å setja seg inn i nye system.
  • Flytande norsk, munnleg og skriftleg.
  • Godt kjend i NGIR-regionen.
  • Klasse C + YSK

Ønska eigenskapar:

  • God evne til å byggja og utvikla team.
  • Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg.
  • Nøyaktig og systematisk.
  • Evne til å takla hektiske periodar.

Det vert lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar. Oppstart og lønn etter avtale.

Ytterlegare informasjon om stillinga kan du få hjå økonomisjef Erlend Kleiveland,
tlf. 56 34 33 17 / 41 51 91 42.

Søknad med CV kan sendast til Helge Fjellanger på mail til styreleiar@ngir.no. Merk søknaden med «Transportleiar NGIR». Attestar, vitnemål og referansar vil me evt. be om seinare.

Søknadsfrist 20.01.2019.