NGIR søkjer sjåfør

Arbeidsoppgåvene vil vera tømming av konteinarar og transportoppdrag. Me ynskjer mellom anna at du har sertifikat klasse CE,  ADR-bevis og maskinførar- og truckbevis. Du bør vera pliktoppfyllande, kunne samarbeida med andre og vera fleksibel.

Arbeidsoppgåver:

  • Hovudsakleg tømming av konteinarar på NGIR sine gjenvinningsstasjonar i Kjevikdalen, Litlås, Manger og Mjåtveit.
  • Transportoppdrag.

Kvalifikasjonsynskje:

  • Sertifikat klasse CE
  • Yrkessjåførkompetansebevis
  • ADR-bevis
  • Erfaring med å køyra krokbil med hengjar
  • Maskinførarbevis
  • Truckførarbevis
  • Fordel med fagbrev som yrkessjåfør eller maskinførar

Du bør og:

  • Vera pliktoppfyllande, presis og god på samarbeid
  • Ville jobba skiftordning, dag/ettermiddag/kveld og laurdag
  • Vera fleksibel og like å halda orden
  • Kunne norsk skriftleg og munnleg
  • Ha noko datakunnskap
  • Vera god på kundehandsaming
  • Vera viljug til å utføra andre oppgåver

NGIR tilbyr:

  • Trygg og fast stilling
  • Nytt materiell
  • God opplæring og oppfylging
  • Ordna løns- og pensjonsordningar
  • Godt arbeidsmiljø

Oppstart snarast.
Viss du er den me ser etter, send inn søknad med CV i dag til fjeldstad@ngir.no eller NGIR, Lindåsvegen 1260, 5956 HUNDVIN merka ”Sjåfør”. Søknadsfrist : 12. november 2017

Aktuelle kandidatar vert kontakta etter kvart og kalla inn til intervju. For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med : Avd.leiar Ebba Fjeldstad tlf.: 56 34 33 13 eller mob.: 488 96 148