NGIR søkjer sjåfør

Søknadsfristen er utgått!

NGIR søkjer sjåfør i 100% stilling. Søknadsfrist 17. mars.

NGIR – Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS – tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy og Solund. NGIR tilbyr i tillegg avfallstenester til næringslivet i regionen. Selskapet har ein årleg omsetnad for om lag 100 millionar kroner, og har kring 55 fast tilsette. Hovudanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Lindås kommune, omlag 40 minutt frå Bergen sentrum. NGIR har 11 komprimatorbilar, 2 krokbilar og ein skåpbil i drift. Bilane vert køyrd av totalt 13 sjåførar.

Arbeidsoppgåver:

  • Hovudsakleg tømming av konteinarar på NGIR sine gjenvinningsstasjonar i Kjevikdalen, Litlås, Manger og Mjåtveit.
  • Køyring av komprimatorbil ved behov.
  • Køyring av skåpbil (ADR) ved behov.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Sertifikat klasse CE.
  • Yrkessjåførkompetansebevis.
  • ADR-bevis.
  • Erfaring med å køyra krokbil med hengjar.
  • Maskinførarbevis.
  • Truckførarbevis.
  • Fordel med fagbrev som yrkessjåfør eller maskinførar.

Du bør og:

  • Vera pliktoppfyllande, presis og god på samarbeid.
  • Ville jobba skiftordning, dag/ettermiddag/kveld og laurdag.
  • Vera fleksibel og like å halda orden.
  • Kunne norsk skriftleg og munnleg.
  • Ha noko datakunnskap.
  • Vera god på kundehandsaming.
  • Vera viljug til å utføra andre oppgåver.

NGIR tilbyr:

  • Trygg og fast stilling.
  • Nytt materiell.
  • God opplæring og oppfylging.
  • Ordna løns- og pensjonsordningar.
  • Godt arbeidsmiljø.

Oppstart etter avtale. Det vert lagd stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar. Ytterlegare informasjon om stillinga kan du få hjå transportleiar Karl Andrè Dale, tlf. 916 78 784.

Viss du er den me ser etter, send inn søknad med CV til dale@ngir.no eller NGIR, Lindåsvegen 1260, HUNDVIN merka ”Sjåfør”. Søknadsfrist : 17. mars 2019.