NGIR søkjer KS- og HMT-leiar

NGIR søkjer etter KS- og HMT-leiar

KS- og HMT-leiar skal rapportera til dagleg leiar, og vil få ansvar for kvalitetsarbeid og helse, miljø og tryggleik knytt til NGIR si verksemd. Dette vil mellom anna omfatta:

  • Å syta for at selskapet har eit effektivt styringssystem som tilfredsstiller interne og eksterne krav innan HMT og kvalitetssikring.
  • Å leggja til rette for at arbeidet hjå NGIR vert gjort på ein trygg og god måte, og at HMT-prosedyrer vert følgde.
  • Avvikshandtering og internrevisjonar.
  • Kartlegging og risikoanalyser, samt oppfølgjing av handlingsplanar og korrigerande tiltak.
  • Rapportering og andre plikter knytt til driftsløyve og krav frå styresmaktene.

Du bør ha høgare utdanning innan fagfelta kvalitetssikring og helse, miljø og tryggleik, og det er ønskjeleg med relevant arbeidserfaring. I tillegg bør du ha gode IT-kunnskapar.

Det vert lagd stor vekt på personlege eigenskapar. Me søkjer ein person som har gode samarbeidsevner og er flink med folk. I tillegg bør du vera oppteken av gode rutinar og rasjonell drift, og ha interesse for gjenvinning og avfallshandsaming. Stillinga krev god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Administrasjonsmålet i NGIR er nynorsk.

Løn etter avtale. Pensjonsordning i KLP.

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar, Bjørn Berg, tlf. 56 34 33 29/ 90 11 05 45.

Søknad med CV og evt. kopi av attestar kan sendast på e-post til berg@ngir.no

Søknadsfrist: 21.05.18