NGIR søkjer etter operatørar

NGIR søkjer etter nye medarbeidarar. Om du er rett person er det berre å søkja!

Sjåfør/operatør i 1 års vikariat, 100 % stilling

NGIR søkjer etter sjåfør/operatør i 100 % stilling, i 1 års vikariat.

Vikariatet er ledig frå 1. oktober, men det er ynskjeleg med tidlegare oppstart (for overlapp/opplæring).

 Arbeidsoppgåver:

  • Utkøyring og innhenting av dunkar og rekvisita til/frå NGIR sine hushaldskundar.
  • Diverse transportoppdrag til/frå NGIR sine næringskundar.
  • Lettare vedlikehaldsoppgåver.
  • Kvalitetskontroll av sortert avfall.
  • Betjening av NGIR sine gjenvinningsstasjonar.
  • Tilsyn og rydding.
  • Lasting og lossing.
  • Køyring av hjullastar og truck.

Stillinga inngår i ein fast oppsett vaktplan, som fylgjer NGIR sine opningstider, og har hovudsakleg oppmøtestad i Kjevikdalen. Det må i tillegg påreknast noko kvelds-/laurdagsarbeid, med oppmøtestad Kjevikdalen, Manger, Mjåtveit eller Litlås gjenvinningsstasjon.

NGIR søkjer personar som:

  • Er serviceinnstilt, imøtekomande og med gode evner til å kommunisera med kundar.
  • Er fleksibel, initiativrik og med evne til å jobba sjølvstendig.
  • Likar å vera ute og ha ein fysisk aktiv jobb.
  • Har sertifikat klasse B.
  • Har hjullastar- og truckførarbevis.
  • Har kjennskap til MS Office.
  • Har gode norskkunnskapar.

Det er ynskjeleg at du er godt kjent i NGIR sine eigarkommunar.

Operatør/servicemedarbeidar i 100 % stilling fast stilling

NGIR søkjer etter operatør/servicemedarbeidar i 100 % stilling.

Stillinga er ledig frå 1. oktober, men det er ynskjeleg med tidlegare oppstart (for overlapp/opplæring).

Arbeidsoppgåver:

  • Hovudsakleg manuell sortering av papir, papp og plast ved NGIR sitt sorteringsanlegg i Kjevikdalen.
  • Mottak/kvalitetskontroll av avfall.
  • Køyring med hjullastar og truck.
  • Kunderettleiing på NGIR sine gjenvinningsstasjonar.
  • Tilsyn og rydding.
  • Lasting og lossing.

Stillinga inngår i ein fast oppsett vaktplan, som fylgjer NGIR sine opningstider, og har hovudsakleg oppmøtestad i Kjevikdalen. Det må i tillegg påreknast noko kvelds-/laurdagsarbeid, med oppmøtestad Kjevikdalen, Manger, Mjåtveit eller Litlås gjenvinningsstasjon.

NGIR søkjer ein person som:

  • Er serviceinnstilt, imøtekomande og med gode evner til å kommunisera med kundar.
  • Er fleksibel, initiativrik og med evne til å jobba både sjølvstendig og i team.
  • Likar å vera ute og ha ein fysisk aktiv jobb.
  • Har sertifikat klasse B.
  • Har hjullastar- og truckførarbevis.
  • Har kjennskap til MS Office.
  • Har gode norskkunnskapar.

Du vil få naudsynt opplæring i stillingane. Ytterlegare informasjon kan du få hjå avdelingsleiar Ebba Fjeldstad på tlf 488 96 148. Søknad med CV kan sendast til ebba.fjeldstad@ngir.no.

Søknadsfrist for begge stillingane er 08.09.2019