NGIR søkjer etter operatørar til våre gjenvinningsstasjonar

Søknadsfristen er passert.

NGIR søkjer etter operatør 100% stilling, samt operatørar i 20% stilling og ekstrahjelp.

Arbeidsoppgåver:

  • Kunderettleiing.
  • Kvalitetskontroll av sortert avfall.
  • Tilrettelegging og betjening av stasjonen.
  • Tilsyn og rydding.
  • Lasting og lossing.
  • Køyre hjullastar og truck.

Stillingane har oppmøtestad i Kjevikdalen, på Manger, Mjåtveit eller Litlås. Arbeidstida vil variera etter gjenvinningsstasjonane sine opningstider, og er i hovudsak på laurdagar og ettermiddagar. Arbeidsmengda vil variere noko mellom vinter og  sommar. Stillingane inngår i ein fast oppsett vaktplan som fylgjer våre opningstider. Det er ynskjeleg med oppstart snarast.

NGIR søkjer personar som:

  • Er serviceinnstilte, imøtekomande og med gode evner til å handtere kundar.
  • Er fleksible, initiativrike og med evne til å jobba sjølvstendig.
  • Likar å være ute og ha ein fysisk aktiv jobb.
  • Har sertifikat klasse B.
  • Har hjullastar og truckførarbevis, eller vera viljug til å ta det.
  • Har kunnskap om MS Office
  • Har gode norskkunnskapar.

NGIR tilbyr løn etter avtale.

Du får naudsynt opplæring. Ytterlegare informasjon kan du få hjå avdelingsleiar Ebba Fjeldstad på tlf 488 96 148. Søknad med CV kan sendast til fjeldstad@ngir.no.

Søknadsfrist: 21. september.