NGIR søkjer etter administrasjonsmedarbeidar

NGIR søkjer etter administrasjonsmedarbeidar i 60% fast stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Svara på telefonar / vidareformidla telefonar til rette vedkomande.
  • Registrera ordrar på inn- og utkøyring av konteinarar.
  • Ta i mot bilvrak og registrera opplysningar i vrakpantregisteret.
  • Registrera vekt og kundedata på køyrety som passerer vekta.
  • Anna førefallande arbeid.

Ønska kvalifikasjonar

  • God IT-forståing og evne til å setja seg inn i nye system.
  • Flytande norsk, munnleg og skriftleg.
  • Godt kjend i NGIR-regionen.

Ønska eigenskapar

  • Positiv og serviceinnstilt.
  • Nøyaktig og systematisk.
  • Evne til å takla hektiske periodar.
  • Flink til å snakka med folk.

Det vert lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar. Oppstart etter avtale.

Ytterlegare informasjon om stillinga kan du få hjå økonomisjef Erlend Kleiveland, tlf. 56 34 33 17 / 41 51 91 42. Søknad med CV kan sendast til kleiveland@ngir.no. Attestar, vitnemål og referansar vil me evt. be om seinare.

Søknadsfrist: 21.05.2018.