Avfallstenester og rådgjeving

Totalleverandør av avfallstenester og rådgjeving

  • NGIR tilbyr totalløysingar innan avfall for næringsliv og bedrifter.
  • NGIR tar i mot dei fleste fraksjonar.
  • NGIR leiger ut og sel utstyr som konteinarar og dunkar.
  • NGIR har høg rådgjevingskompetanse på handsaming av avfall.

Avfall og kostnad

Avfallskostnaden er samansett av tre delar:

Transportprisar med komprimatorbil (pdf)  eller
Prisar konteinartransport (pdf)

Prisar for næringsavfall (pdf)
Prisliste for konteinarleige (pdf)

Sjå kart med soneinndeling av pris

For meir informasjon, ta kontakt med ein bedriftsrådgjevar.

Deponi

Mottak av lettare forureina massar

NIGR har deponi for mottak av lettare forureina massar. Ta kontakt for grenseverdiar på massane og prisar for mottak.

Bedriftsrådgjevar Hans Rune Valle: valle(a)ngir.no eller
miljørådgjevar Roger Fjellsbø: fjellsbo(a)ngir.no

Farleg avfall

Levering av farleg avfall

NGIR er godkjent mottak av farleg avfall. Vi har og deponi for asbest og eternitt. Bedrifter kan levera farleg avfall  i Kjevikdalen eller NGIR kan henta etter avtale.

Leveringsplikt

I følge Avfallsforskrifta har alle leveringsplikt ein gong i året:

Ӥ 11-8.Leveringsplikt

Virksomhet hvor det oppstår farlig avfall, skal levere dette til den som etter § 11-6 og § 11-7 kan håndtere avfallet. Det farlige avfallet skal leveres minst 1 gang pr. år. Leveringsplikt inntrer ikke før den totale mengden farlig avfall overstiger 1 kg.”

Elektronisk deklarering

Frå 1. mai 2016 skal farleg avfall deklarast elektronisk. Skjema for deklarering ligg på Avfallsdeklarering.no . NGIR tilbyr hjelp og bistand for kundar til å setta seg inn i og bruka systemet. Sjå rettleiar for deklarering av farleg avfall her.

Stein, sand, grus og pukk

Steinuttaket er ope:

Måndag- onsdag: 08.00-15.00
Torsdag: 08.00-17.30
Fredag: 08.00-14.30
Laurdag: Stengd

NGIR sel mange typar sand, grus, stein og pukk frå steinuttaket i Kjevikdalen.

Prisar

Storleik i mm Fraksjon Kode Pris per tonn u/mva Pris per tonn m/mva  
0-4 Steinsand 907 90 kr 112,50
0-16 Grus 903 100 kr 125,-
0-32 Grus 904 90 kr 112,50
0-100 Sams masse 905 90 kr 112,50
6-16 Singel 908 120 kr 150,- Utseld per 30.03.17 
16-32 Pukk 901 100 kr 125,-
32-100 Pukk 909 100 kr 125,-
Sprengstein 902 50 kr 62,50
Minstepris per lass 200 kr 250,-

Prisane gjeld sal per tonn til privatpersonar og inkluderer opplasting i Kjevikdalen. Transport må ein sjølv organisera. Kundar som kjøper større mengder, slik som entreprenørar o.l. kan få rabatt. Ta kontakt på førehand og be om tilbod ved større leveringar.