Basiskarakterisering

Slik gjennomfører du ei basiskarakterisering

Avfallsprodusenten er ansvarleg for å dokumentera at avfallet dei leverer direkte til deponi møter myndighetskrava i avfallsforskrifta, kapittel 9. Dette gjeld ikkje avfallsfraksjonar der NGIR handsamar avfallet før eventuell deponering. Til dømes: Usortert avfall som kunden ynskjer sortert hjå NGIR
I desse tilfella vert NGIR avfallsprodusent, og må sjølv dokumentera at avfallet møter krava.

For avfall som vert levert NGIR til sortering, eller avfall som NGIR hentar med komprimatorbil hjå kunden, vert NGIR rekna som avfallsprodusent. For alt anna avfall skal avfallsprodusenten gjennomføra ei basiskarakterisering. Dette betyr at dei fleste av våre kundar ikkje vil merke noko til dei nye krava, men for nokre betyr dette auka krav til dokumentasjon av avfallet si samansetting.

Avfall som vert levert NGIR som reine fraksjonar til gjenvinning, skal heller ikkje basiskarakteriserast. Sjå under Mottakskrav for ulike avfallstypar for kva krav som vert stilt til kvar einskild fraksjon.

Alt avfall til deponi skal vera basiskarakterisert og denne skal vera godkjent av NGIR før deponering. Ta kontakt med NGIR i forkant, og få tildelt eit dokumentnummer som skal nyttast ved utfylling av basiskarakteriseringa. 

Ei basiskarakterisering kan gjennomførast på ulike måtar. Felles krav til alt avfall som skal deponerast, er at dette ikkje kan være, eller innehalde, farleg avfall i høve til avfallsforskrifta kapittel 11. Avfallsprodusent er ansvarleg for at alle relevante opplysningar om mogeleg ureining i avfallet vert gitt til deponiet. Dersom det er høg risiko for ureining av avfallet, skal det gjennomførast analysar som utelukkar dette.

For avfall som inneheld ulike fraksjonar, skal dette ha gjennomgått ei form for handsaming for å sikra at mest mogeleg av kunden sitt avfall vert gjenvunne før deponering. Ei slik handsaming kan til dømes vera kjeldesortering.
For einsarta avfall der ein ikkje kan sortera ut avfall til gjenvinning, er minstekravet at avfallet ikkje er farleg avfall. Krav til basiskarakterisering vil elles vera avhengig av kva deponikategori avfallet skal leverast til.

NGIR kan deponera avfall i 3 ulike kategoriar:

  • Ordinært avfall: Krav til avfallet er at det ikkje kan innehalda farleg avfall, elektrisk avfall eller stå på lista over avfallstypar som er forbode å deponera i §9-4 i avfallsforskrifta. Det er ikkje krav til utlekkingstestar på avfall som skal deponerast som ordinært avfall.
  • Inert avfall: Avfallet kan ikkje innehalda farleg avfall, elektrisk avfall eller avfall som er forbode å deponera. Er avfallet oppført i tabell 2 nedanfor, kan det leverast NGIR utan testing. Dersom avfallet ikkje står oppført her, må det gjennomførast utlekkingstestar og analyser som tilfredsstiller krava i punkt 2.1.1 og 2.1.2 i vedlegg II i avfallsforskrifta.
  • Stabilt farleg avfall: Avfallet må tilfredsstilla krava i punkt 2.3.1 i vedlegg II til avfallsforskrifta. Eternitt og anna asbesthaldig avfall er unnateke analyseplikt.

Tabell 1: Avfall som er ulovleg å deponera i høve til §9-4.

Avfall som er ulovleg å deponera
Våtorganisk avfall (det finst unnatak)
Flytande avfall
Avfall som er eksplosivt, radioaktivt, brannfarleg, eller reaktivt
Smittefarleg avfall
Ukjende kjemiske stoff
Stoff der effekten på menneske og miljø ikkje er kjend
Kasserte dekk
Avfall som ikkje møter kriteria i vedlegg II

Tabell 2: Avfall som kan deponerast som inert avfall utan krav til analysering.

Kode i europeisk avfallsliste 1 Skildring Restriksjonar
10 11 03 Glassfiberavfall Berre utan organiske bindemidler
15 01 07 Emballasje av glas
17 01 01 Betong Berre utsortert bygge- og rivingsavfall
17 01 02 Murstein Berre utsortert bygge- og rivingsavfall
17 01 03 Takstein og keramikk Berre utsortert bygge- og rivingsavfall
17 01 07 Blandingar av betong, murstein, takstein og keramikk. Berre utsortert bygge- og rivingsavfall.
17 02 02 Glas
17 05 04 Jord og stein Unnateke toppjord med høgt organisk innhald og masser frå forureina grunn.
19 12 05 Glas
20 01 02 Glas Berre separat innsamla glass.
20 02 02 Jord og stein Berre frå hage- og parkavfall. Unnateke toppjord med høgt organisk innhald og massar frå ureina grunn.

Avfall som oppstår jamnleg

Dersom ein har avfall som kan definerast som «avfall som oppstår jamnleg», kan ein spara tid og ressursar på å basiskarakterisere avfallet ved første leveranse, for så å gjennomføra minst årlege verifikasjonar av denne. For at avfallet skal kunna klassifiserast som avfall som oppstår jamnleg, må følgjande krav vera oppfylt:

  • Avfallet oppstår frå same prosess
  • Avfallet vert produsert regelmessig
  • Avfallet er basert på same råstoff
  • Samansettinga er ikkje venta å variera mykje over tid.

Avfallsprodusenten må sjølv avgjere, basert på kunnskapar om endring i produksjon og råvarer, kor ofte ein skal verifisera basiskarakteriseringa. Dette må uansett gjerast minst årleg. Endringar i produksjonen som mogeleg kan føre til at basiskarakteriseringa ikkje er representativ for avfallet, skal føre til verifikasjon eller gjennomføring av ei ny basiskarakterisering. Dersom ein har avfall som oppstår jamnleg, skal basiskarakteriseringa leverast NGIR med første leveranse. I dei etterfølgande leveransane vil det vera nok å levera ein deklarasjon som syner til ei godkjend basiskarakterisering.

Utfylling av skjema:

Alle opplysningar om avfallsprodusent og transportør må fyllast ut. Hugs å oppgje kontaktpersonar og telefonnummer / e-post til desse.

Avfallstype og kode

EAL-kode kan finnast i vedlegg til kapittel 11 om farleg avfall i avfallsforskrifta. EAL koden er alltid ein 6-siffra kode som inneheld opplysningar om kva type industri avfallet kjem frå. Merk at same type avfall kan finnast fleire plassar i lista. Det er difor viktig at ein finn den rette industrien først. Avfall som er merka med * (stjerne), er definert som farleg avfall, og kan ikkje utan vidare deponerast. Sjekk derfor om ein kan finna det samme stoffet utan at det er merka med stjerne. Dersom ein er i tvil, må det utførast ein analyse som syner at avfallet ikkje er farleg avfall.

Avfallsstoffnummer kan ein finna ved å nytta Norsk Standard (NS 9431). Denne koden inneheld 4 firesiffra tal.

  1. Dei fire første siffera definerer avfallstypen.
    Liste over kodar og avfallstypar.
  2. Dei fire neste definerar kva handsaming avfallet får på NGIR sitt anlegg. For avfall som skal deponerast, vil denne koden alltid vera 1100.
  3. Dei fire neste definerar kva næring avfallet har oppstått i. Tabell 3 syner ei oversikt over kva kode dei ulike næringane har.
  4. Dei fire siste siffra viser i kva kommune avfallet vart produsert.

Tabell 3:

Kode Næring
0100 Jordbruk og skogbruk
0200 Fiske
0300 Bergverk og utvinning
0400 Industri
0500 Kraft- og vassforsyning
0600 Bygg og anlegg
0700 Tenestenæringar
0800 Avfallshandtering
0900 Private hushald

Kryss av for om avfallet skal deponerast som ordinært avfall, inert avfall eller farleg avfall. Dei viktigaste krava til desse avfallstypane er:

  1. Ordinært avfall: Kan ikkje overskrida grenseverdiar for farleg avfall eller stå oppført i tabell 2 ovanfor over avfall som er ulovleg å deponera, sjå også §9.4 i avfallsforskriften.
  2. Inert avfall: Kan deponerast som inert avfall utan testing dersom det står oppført i tabell 3 nedanfor. I motsett fall må avfallet analyserast etter krav gitt i vedlegg II.
  3. Farleg avfall: NGIR kan deponera farleg avfall som er karakterisert som stabilt og har eit utlekkingspotensial som ikkje overskrid grenseverdiane i punkt 2.3.1 i vedlegg II. Avfall som t.d. eternitt er slikt avfall, men treng ikkje analyserast før deponering. NGIR kan også ta imot andre typar farleg avfall, men dette kan ikkje deponerast. Kontakt oss for pris på dette.

I merknadsfeltet skal alle opplysningar av verdi for NGIR si handsaming av avfallet noterast. Dette gjeld spesielt eventuelle tiltak i forhold til HMT (HMS).

Eigenskapar:

Under eigenskapar skal avfallsprodusenten kryssa av slik at ein på best mogeleg måte skildrar eigenskapar til avfallet. Dersom det er gjennomført plukkanalysar som ei basiskarakterisering, skal verdiane for dei ulike avfallstypane førast inn under punkt 4.9. Eventuelle analysar skal leggast ved basiskarakteriseringa.

Skjemaet skal signerast av avfallsprodusenten.

Sjå også:
Veileder_til_karakterisering_og_mottakskontroll
(Norsk Industri, MEF, NFFA og Avfall Norge)
Døme på deklarering av avfall (pdf)
Slik fyller du ut deklarasjonsskjemaet