Deklarasjonsskjema


Slik fyller du ut deklarasjonsskjemaet

Utfylling av deklarasjonar for avfallet kan vere komplisert. Me vil difor freista å gje ei innføring i korleis ein finn fram til dei rette opplysningane om eige avfall. Felles for alt avfall som vert deklarert, er at deklarasjonen skal visa til ei godkjent basiskarakterisering for avfallet.

Avfallsprodusent

Alle felt under avfallsprodusent skal fyllast ut. Hugs å kryssa av for om dette gjeld næringsavfall eller hushaldsavfall.

Avfallstype og kode

EAL-kode kan ein finna i vedlegg til kapittel 11 om farleg avfall i avfallsforskrifta. EAL-koden er alltid ein 6-sifra kode som inneheldt opplysningar om kva type industri avfallet kjem frå. Merk at same type avfall kan liggja føre fleire plassar i lista. Det er dirfor viktig at ein finn den rette industrien først. Avfall som er merka med * er definert som farleg avfall, og kan ikkje utan vidare deponerast. Sjekk difor om ein kan finna det same stoffet utan at det er merka med stjerne. Dersom ein er i tvil, må det utførast ein analyse som syner at avfallet ikkje er farleg avfall.

Avfallsstoffnummer kan ein finna ved å nytta Norsk Standard (NS 9431). Denne koden inneheldt 4 firesifra tal.

  1. Dei fire første definerer type avfall.
    Liste over kodar og avfallstypar.
  2. Dei fire neste definerer kva handsaming avfallet får på NGIR sitt anlegg. For avfall som skal deponerast, vil denne koden alltid vera 0700.
  3. Dei fire neste definerer kva næring avfallet har oppstått i. Tabellen under syner ei oversikt over kva kode dei ulike næringane har.
  4. Dei fire siste siffra viser i kva kommune avfallet vart produsert.

Tabell 1: Type næring

Kode Næring
0100 Jordbruk og skogbruk
0200 Fiske
0300 Bergverk og utvinning
0400 Industri
0500 Kraft- og vassforsyning
0600 Bygg og anlegg
0700 Tenestenæringar
0800 Avfallshandtering
0900 Private hushald

Det skal kryssast av for om avfallet er lovleg å deponera. Som eit minimum kan avfallet ikkje innehalda farleg avfall eller elektrisk avfall. Sjå ellers avfallsforskrifta for meir informasjon.

Kryss av for om avfallet skal deponerast som ordinært avfall, inert avfall eller farleg avfall. Dei viktigaste krava til desse avfallstypane er:

  • Ordinært avfall: Kan ikkje overskrida grenseverdiar for farleg avfall, eller stå oppført i tabell 2 nedanfor over avfall som er ulovleg å deponera, sjå også §9.4 i avfallsforskrifta.
  • Inert avfall: Kan deponerast som inert avfall utan testing dersom det står oppført i tabell 3 nedanfor. I motsatt fall må avfallet analyserast i etter krav gitt i vedlegg II
  • Farleg avfall: NGIR kan deponera farleg avfall som er karakterisert som stabilt og har eit utlekkingspotensial som ikkje overskrid grenseverdiane i punkt 2.3.1 i vedlegg II. Avfall som t.d. eternitt er slikt avfall, men som ikkje treng analyse før deponering. NGIR kan også ta imot andre typar farleg avfall, men dette kan ikkje deponerast. Kontakt oss for pris på dette.

Tabell 2: Avfall som er ulovleg å deponera i høve til §9-4.

Avfall som er ulovleg å deponera
Våtorganisk avfall (det finst unnatak)
Flytande avfall
Avfall som er eksplosivt, radioaktivt, brannfarleg, eller reaktivt
Smittefarleg avfall
Ukjende kjemiske stoff
Stoff der effekten på menneske og miljø ikkje er kjend
Kasserte dekk
Avfall som ikkje møter kriteria i vedlegg II

Tabell 3: Avfall som er ulovleg å deponera i høve til §9-4.

Kode i europeisk
avfallsliste
Skildring Restriksjonar
10 11 03 Glassfiberavfall Berre utan organiske bindemiddel.
15 01 07 Emballasje av glas
17 01 01 Betong Berre utsortert bygge- og rivingsavfall.
17 01 02 Murstein Berre utsortert bygge- og rivingsavfall.
17 01 03 Takstein og keramikk Berre utsortert bygge- og rivingsavfall.
17 01 07 Blandingar av betong, murstein, takstein og keramikk. Berre utsortert bygge- og rivingsavfall.
17 02 02 Glas
17 05 04 Jord og stein Unnateke toppjord med høgt organisk innhald og massar frå ureina grunn.
19 12 05 Glas
20 01 02 Glas Berre separat innsamla glass.
20 02 02 Jord og stein Berre frå hage- og parkavfall. Unnateke toppjord med høgt organisk innhald og massar frå ureina grunn.

Avfall som oppstår jamnleg

Avfallet kan klassifiserast som avfall som oppstår jamnleg dersom det oppfyller følgjande krav:

  • Avfallet oppstår frå same prosess
  • Vert produsert regelmessig
  • Er basert på same råstoff
  • Samansettinga reknast å ikkje variere mykje over tid.

Dersom avfall oppfyller desse kriteria, kan NGIR saman med kunden definera avfallet som «avfall som oppstår jamnleg». Då er kravet til avfallet at deklarasjonen skal visa til ei basiskarakterisering som er godkjent av NGIR.

Merknad

I merknadsfeltet skal avfallsprodusenten notere all naudsynt informasjon som ikkje kjem fram på skjemaet, og som kan reknast å ha interesse for NGIR ved handsaming av avfallet. Skjemaet skal signerast av avfallsprodusenten og påførast dato for levering.

Sjå og:

Rettleiar for mottakskontroll, utarbeidd av Avfall Norge, Norsk Industri og MEF
Skjema for deklarering av farleg avfall
Rettleiar for deklarering av farleg avfall
Slik gjennomfører du ei basiskarakterisering