Mottakskrav for ulike avfallstypar

Asbesthaldig avfall/eternitt

Krav til avfall

Asbest/eternitt kan vera kreftframkallande, og må handterast på ein måte som er trygg for NGIR sine tilsette. Asbest/eternitt skal pakkast godt inn i byggingsplast (dampsperre 0,32 mm) og leverast på pall.

Krav til dokumentasjon

Skal deklarerast som farleg avfall.

Farleg avfall («Veileder om håndtering av farlig avfall»: Sft.)

Handsaming

Deponering

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall som ikkje er forsvarleg pakka eller med grove avvik frå mottakskrava.

Betong

Krav til avfall

Skal ikkje innehalda PCB eller anna som kan definera avfallet som farleg avfall (Avfallsforskrifta).

Krav til dokumentasjon

  1. Basiskarakterisering
  2. Deklarasjon som viser til godkjend basiskarakterisering (analyse) ved jamnleg levering.

 

Handsaming

Deponering

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Blanda avfall til sortering

Krav til avfall

Definert som avfall som vert levert NGIR for grovsortering. Avfallet kan ikkje innehalda:

  1. Farleg avfall i som definert i kap. 11 i avfallsforskrifta
  2. Elektrisk avfall
  3. Avfall som er forbode å deponera

Fraksjonar av papir, papp og emballasjeplast som vert levert NGIR som blanda avfall til sortering, kan ikkje gjenvinnast. Det er derfor ikkje ønskelig at desse fraksjonane vert levert saman med grovavfall til sortering.

Krav til dokumentasjon

  • Ingen

Handsaming

  • Forbrenning med energiutnytting

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar.

NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Blanding av betong, murstein, takstein og keramikk

Krav til avfall

Skal ikkje innehalda PCB eller anna som kan definera avfallet som farleg avfall (Avfallsforskrifta).

Krav til dokumentasjon

  1. Basiskarakterisering
  2. Deklarasjon som viser til godkjend basiskarakterisering (analyse) ved jamnleg levering.

 

Handsaming

Deponering

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Blåsesand

Krav til avfall

Skal vera godkjend av NGIR på bakrunn av utlekkingstest og analyse som syner at avfallet ikkje er farleg avfall. Sjå kapittel 9  og kapittel 11 i avfallsforskrifta.

Blåsesand kan deponerast som ordinært avfall eller inert avfall. Det vert stilt høgare krav til inert avfall, men kan då deponerast utan deponiavgift. Sjå vedlegg II, punkt 2.1 til avfallsforskriftas kapittel 9.

Krav til dokumentasjon

  1. Basiskarakterisering
  2. Deklarasjon som viser til godkjend basiskarakterisering (analyse) ved jamnleg levering.

Handsaming

Deponering

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Elektrisk avfall

Krav til elektrisk avfall frå næring

Elektrisk/elektronisk avfall (EE-avfall) er alt avfall som har elektroniske komponentar eller som har vore brukt til å leia straum. EE-avfall må leverast på ulikt vis:

  • NGIR er godkjent som mottak for elektrisk næringsavfall.
  • Alle verksemder som er medlem av RENAS har rett til å levera næringselektro gratis til NGIR dersom avfallet er sortert.
  • Kvitevarer og brunevarer må leverast som stykkgods.
  • Store einingar må leverast på pall (til dømes el-pumper, el-motorar).
  • Andre typar EE-avfall må leverast i bur som NGIR låner ut gratis.
  • Dersom EE-avfall frå næring vert levert usortert, vil kunden verte fakturert for NGIR sine sorteringskostnader.
  • Ordningane for elektrisk avfall frå næring er underlagt returselskapet RENAS. Du finn fleire opplysningar på RENAS sine nettsider.

Sortering og henting

For at manuell demontering og miljøsanering skal vera mogeleg må produkta vera heile når dei vert levert. Ved levering skal næringselektroavfall sorterast i fem fraksjonar. Ved å sortera rett hjelper du til med å hindra at miljøgifter kjem på avvege. EE-avfall skal ikkje kastas saman med andre typar avfall. Produkta må lagrast og transporterast slik at dei ikkje vert knust eller skada.

Farleg avfall

Krav til avfall

Tett emballasje.

Avfallet skal vera merka med:

  • innhald
  • dato
  • deklarasjonsnummer

Ulike typar farleg avfall skal ikkje blandast saman. Farleg avfall skal leverast og deklarerast kvar for seg. Sjå avfallsforskrifta kapittel 11.

Farleg avfall som vert levert blanda, kan avvisast utan vidare grunngjeving. Eventuell omemballering vil medføra auka kostnader for kunden.

Krav til dokumentasjon

Korrekt utfylt deklarasjon for farleg avfall.

Veileder for farlig avfall 2015-norsas.

Handsaming

Levert godkjent mottakar for slutthandsaming

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.
For meir informasjon om farleg avfall, sjå nedanfor

Forbrukararelektro

Sjå ordningar for hushald.

Henting av EE-avfall

I tillegg til å driva mottaksplass kan NGIR låna ut oppsamlingsutstyr (konteinarar, pallebur etc.) NGIR tilbyr og transporttenester. Kostnadane ved leige av oppsamlingsutstyr og transport kan ein avtala direkte.

For meir informasjon om farleg avfall i elektronikk, sjå erdetfarlig.no

Krav til dokumentasjon

For levering av PCB-haldig lysarmatur, lysstoffrør og sparepærer, må deklarasjonsskjema for farleg avfall utfyllast. For andre typar EE-avfall er det ingen krav.

Handsaming

EE-avfall går til gjenvinning.

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Formsand

Krav til avfall

Skal vera godkjend av NGIR på bakrunn av utlekkingstest og analyse som syner at avfallet ikkje er farleg avfall. Sjå kapittel 9 og 11 i avfallsforskrifta.

Krav til dokumentasjon

  1. Basiskarakterisering
  2. Deklarasjon som viser til godkjend basiskarakterisering (analyse) ved jamnleg levering.

 

Handsaming

Deponering

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Forureina jord (ureine massar)

Krav til avfall

Må godkjennast av NGIR på forhånd i høve til grenseverdiar gitt i driftsløyve.

Krav til dokumentasjon

  1. Basiskarakterisering
  2. Deklarasjon som viser til godkjend basiskarakterisering (analyse) ved jamnleg levering.

Handsaming

Deponering

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Gips

Krav til avfall

Gips som vert levert til deponi kan ikkje innehalda meir enn 5 % TOC.

Krav til dokumentasjon

Krav til dokumentasjon

  1. Basiskarakterisering
  2. Deklarasjon som viser til godkjend basiskarakterisering (analyse) ved jamnleg levering.

Slutthandsaming

Deponering

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Glas og emballasjeglas

Krav til avfall

Fraksjonen skal ikkje innehalda giftstoff eller anna som kan definera avfallet som farleg avfall.

Krav til dokumentasjon

Ingen krav til fraksjonar som skal til gjenvinning

Handsaming

Gjenvinning

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Glasfiber/glasfiberavfall

Krav til avfall

Skal ikkje innehalda PCB eller anna som kan definera avfallet som farleg avfall.

Krav til dokumentasjon

  1. Basiskarakterisering
  2. Deklarasjon som viser til godkjend basiskarakterisering (analyse) ved jamnleg levering.

Handsaming

Deponering

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Impregnert-/kreosotbehandla trevirke

Krav til avfall

Både nytt og gamalt trevirke som er impregnert eller kreosotinnsett. Både material og trefiberplater har som oftast eit grønskjær som skil dei frå anna reint trevirke.
Avfallet skal leverast som farleg avfall. Deklarasjonsskjema for farleg avfall må fyllast ut. Avfallet skal ikkje innehalde andre fraksjonar, som til dømes isolasjon og takpapp.

Krav til dokumentasjon

Deklarert som farleg avfall.

Handsaming

Avfallet vert sendt til forbrenningsanlegg med godkjenning for brenning av slikt avfall.

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Metall

Krav til avfallet

Metall vert i hovudsak skild i to hovedfraksjonar; magnetisk og umagnetisk.

Magnetisk metall

  • For magnetisk metall som til dømes motorreiskap, er kravet at metallet skal vera fritt for oljer og væsker.
  • Tankar som er nytta til olje/parafin skal ha sertifikat på at dei er reingjord.
  • Emballasje som til dømes malingsboksar skal vera heilt tomme og tørre.
  • Sjølv om metallet har delar av plast eller gummi, kan det leverast som metall.
  • Er det særleg store einingar må NGIR kontaktast før levering.

Umagnetisk metall

Einsarta umagnetisk metall vert taksert. Kontakt NGIR før levering.

Krav til dokumentasjon

Det er krav til sertifikat ved levering av tankar.

Handsaming

Gjenvinning.

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Murstein

Krav til avfall

Skal ikkje innehalda PCB eller anna som kan definerast som farleg avfall.

Krav til dokumentasjon

  1. Basiskarakterisering
  2. Deklarasjon som viser til godkjend basiskarakterisering (analyse) ved jamnleg levering.

Handsaming

Deponering

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Næringselektro

Gruppe 1: Lysrøyr

Alle variantar av rette lysrøyr.

Gruppe 2: Andre lyskjelder

Sparepærer, damplampar og lysrør som ikkje er rette, lyspærer, glødelampar, ultrafiolette og infarøde lampar.

Gruppe 3: Kablar og leidningar

Alle typar kablar og leidningar. Større mengder einsarta kabel bør leverast separat til behandlingsanlegg.

Gruppe 4: Små einingar

Handverkty, armaturar, installasjonsmateriell, røykvarslarar, alarmanlegg, lampar, panelomnar etc. Avfall som ut frå storleik og/eller materiale må handsamast varsamt.

Gruppe 5: Store einingar

Elektromotorar, pumper, verktøymaskiner, kranar, vinsjar, transformatorar, aggregat, industrimaskiner, varmtvasstank, heisar, SF6-anlegg etc.

Papir

Krav til avfall

  • Papiret skal vera tørt og ikkje innehalda gåvepapir.
  • Kan ikkje innehalda papp eller plast.
  • Dersom ein ønskjer å levera papp, papir og plast samla, sjå Papp, papir og plast.

Krav til dokumentasjon

Ingen krav til dokumentasjon

Handsaming

Gjenvinning

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Papp

Krav til avfall

  • Pappen må vera tørr
  • Kun bølgjepapp

Pappfraksjonen kan ikkje innehalda følgjande produkt:

  • Kartong i større mengder
  • Papir eller plast
  • Dersom ein ønskjer å levera papp, papir og plast samla, sjå Papp, papir og plast.

Krav til dokumentasjon

Ingen krav til dokumentasjon

Handsaming

Gjenvinning

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Papp, papir og plast

Krav til avfall

Kan innehalda blandingar av papp, papir og plast.

Krav til dokumentasjon

Ingen krav til dokumentasjon

Handsaming

Gjenvinning

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Plast

Krav til avfall

  • Kun emballasjeplast
  • Kan ikkje vera våt eller tilgrisa
  • Landbruksplast må leverast som eigen fraksjon
  • Kan ikkje innehalda papir eller papp

Plastfraksjonen kan ikkje innehalda følgande plastprodukt:

  • Vevde storsekkar
  • Emballasje som har innehalde farleg avfall
  • Hardplast

Dersom ein ønsker å levera papp, papir og plast samla, sjå Papp, papir og plast.

Krav til dokumentasjon

Ingen krav til dokumentasjon.

Handsaming

Gjenvinning

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Plast – landbruksplast

Krav til avfall

Plasten må vera fri for jord, gras og tau. Den må og vera tørr. Ved levering, må plasten godkjennast av NGIR etter visuell kontroll.

Landbruksplast kan innehalda:

  • Rundballesekkar
  • Ensileringsfolie
  • Klebe/strekkfilm
  • Solfangarfolie
  • Krympeplast
  • Bobleplast
  • Hushaldsplast

Landbruksplast kan ikkje innehalda:

  • Hardplast
  • Vevde sekkar
  • Armert plast

Krav til dokumentasjon

Skal godkjennast ved visuell kontroll av NGIR ved levering.

Handsaming

Gjenvinning

Avvik

Landbruksplast skal godkjennast av NGIR. Dersom avfallet ikkje møter krava til landbruksplast, får kunden tilbod om å levere plasten som avfall til deponi til gjeldande prisar.
Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Restavfall frå sorteringsanlegg

Krav til avfall

Kan ikkje innehalde:

  • Kan ikkje innehalde farleg avfall i høve til 11 i avfallsforskrifta
  • Elektrisk avfall
  • Avfall som er forbode å deponere

Avfallet skal vera sortert på sorteringsanlegg før levering til NGIR.

Krav til dokumentasjon

  1. Basiskarakterisering
  2. Deklarasjon som viser til godkjend basiskarakterisering (analyse) ved jamnleg levering.

Handsaming

Deponering

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Restavfall til komprimatorbil

Krav til avfallet

Restavfall skal ikkje innehalda farleg avfall, elektrisk avfall eller andre fraksjonar som NGIR ikkje har lov til å deponera etter avfallsforskrifta §9-4.
Restavfallsfraksjonen kan heller ikkje innehalda grovavfall som til dømes trevirke eller stål, då dette kan vera ein risiko for sjåførane ved tømming.

Ein kan ikkje kasta avfall som er større enn ein standard 140 liter bossekk.

Krav til dokumentasjon

Ingen krav til dokumentasjon.

Slutthandsaming

Forbrenning med energiutnytting

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Ristgods og sandfang frå kommunale renseanlegg

Krav til avfall

Kan ikkje vera klassifisert som farleg avfall.

Krav til dokumentasjon

  1. Basiskarakterisering
  2. Deklarasjon som viser til godkjend basiskarakterisering (analyse) ved jamnleg levering.

Handsaming

Deponering

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Takstein og keramikk

Krav til avfall

Skal ikkje innehalda PCB eller anna som kan definerast som farleg avfall.

Krav til dokumentasjon

  1. Basiskarakterisering
  2. Deklarasjon som viser til godkjend basiskarakterisering (analyse) ved jamnleg levering.

Handsaming

Deponering

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Takstein og keramikk

Krav til avfall

Skal ikkje innehalda PCB eller anna som kan definerast som farleg avfall (Sjå avfallsforskrifta).

Krav til dokumentasjon

  1. Basiskarakterisering
  2. Deklarasjon som viser til godkjend basiskarakterisering (analyse) ved jamnleg levering.

Handsaming

Deponering

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Trevirke

Krav til avfall

Kan kun innehalda reint trevirke. Trykkimpregnert trevirke må leverast som eigen fraksjon.

Krav til dokumentasjon

Ingen krav til dokumentasjon

Handsaming

  • Gjenvinning
  • Energigjenvinning

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Anna avfall til deponi

Krav til avfall

Skal vera godkjend av NGIR i kvart tilfelle på bakrunn av basiskarakterisering som ved eit minimum syner at avfallet ikkje er farleg avfall. Sjå kapittel 9 og kapittel 11 i avfallsforskrifta

Krav til dokumentasjon

  1. Basiskarakterisering
  2. Deklarasjon som viser til godkjend basiskarakterisering (analyse) ved jamnleg levering.

Handsaming

Deponering

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar. NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

Avfall som er ulovleg å deponera

NGIR sitt driftsløyve datert 29.6.2009, samt avfallsforskrifta §9-4 definerer kva typar avfall som ikkje kan deponerast ved deponiet i Kjevikdalen.

Følgjande avfallstypar er ikkje tillete å deponere:

  1. Biologisk nedbrytbart avfall, med unntak av avfall der totalt organisk karbon (TOC) ikkje overstig 10 % eller der glødetapet ikkje overstig 20 %. Forureiningsstyresmaktene kan i særlige tilfelle tillate deponering av anna biologisk nedbrytbart avfall.
  2. Flytande avfall,
  3. Avfall som under forholda i eit deponi må reknast som eksplosivt, radioaktivt eller etsande, oksiderande, svært brannfarleg eller brannfarleg, jf. vedlegg 3 til kapittel 11 om farleg avfall,
  4. Smittefarleg avfall frå sjukehus og anna medisinsk eller veterinærmedisinsk verksemd, og avfall frå forskning og utvikling eller undervisning som inneheld kjemiske stoff som er ukjente og/eller er nye og der effektane på menneske og miljø ikke er kjent,
  5. Heile kasserte dekk og kverna kasserte dekk, med unntak av sykkeldekk,
  6. Ein kvar anna type avfall som ikkje oppfyller kriteria for mottak av avfall, jf. vedlegg II til dette kapitlet. Det er forbode å uttynna eller blanda avfallet for å oppfylla kriteria.

Avvikshandtering

Avfall som er forbode å deponera/forbrenna

Leveransar som inneheld farleg avfall, elektrisk avfall eller andre typar avfall som er forbode å deponera/forbrenna i høve til avfallsforskrifta, vert automatisk registrert med bilete. Avvik vert sendt kunden. Kunden vert fakturert med 800 kroner for ekstra arbeid i samband med avvikshandteringa. I tilfelle der avfallet inneheld større mengder som må sorterast ut, vert kunden og fakturert for ekstrakostnader knytt til handtering og slutthandsaming av avfallet.

Avviksavfall

Avviksavfall vert definert som avfall som ikkje møter dei krav som NGIR stiller til dei enkelte fraksjonane. Dette gjeld leveransar som avvik vesentleg frå NGIR sine mottakskrav. Det vert skilt mellom gjenvinnbart og ikkje gjenvinnbart avfall.


Levert som

Avvik

Pris
Rein fraksjon av
– Papp
– Papir
– Plast
Inneheld blanding av papp, papir eller plast. Heile leveransen vert registrert som avviksavfall til kr 1000 per tonn.
Rein fraksjon av
– Papp
– Papir
– Plast
Inneheld større mengder av andre avfallstypar som ikkje normalt skal til sorteringsanlegg for PPP. Heile leveransen vert registrert som avviksavfall til kr 1700 per tonn.
Rein fraksjon til gjenvinning (til dømes stål, trevyrke, EE-avfall) Inneheld andre avfallstypar til gjenvinning. Heile leveransen vert registrert som avviksavfall til kr 1000 per tonn.
Rein fraksjon til gjenvinning (til dømes stål, trevyrke, EE-avfall) Inneheld restavfall eller andre fraksjonar som ikkje kan gjenvinnast. Heile leveransen vert registrert som avviksavfall til kr 1700 per tonn

Dersom kostnadane knytt til utsortering av avfallet er urimeleg i høve til prisen for avviksavfall, vert kunden fakturert for ekstrakostnader knytt til dette i stadenfor prisen for avviksavfall som vist ovanfor.

Det er ikkje høve til å levera blandingar av til dømes stål og trevirke som avviksavfall. Avfallet vert då registrert som avfall til sortering, [Link til dokument ”Blanda avfall til sortering”] og dei krav som gjeld for dette avfallet vert gjeldande.

Farleg avfall

For farleg avfall levert NGIR, skiljer ein mellom avvik knytt til dokumentasjon av avfallet og avvik knytt til mottakskrav til avfallet. Dersom kunden leverer avfall til NGIR utan korrekt utfylt deklarasjon, kan NGIR hjelpa med utfylling av denne. Ekstraarbeid ved avvik knytt til mangelfull eller feil deklarering, vert fakturert etter timepris som oppgitt nedanfor.

Farleg avfall som vert levert i uegna/dårleg emballasje, må omemballerast. Dette innebærer ein risiko for NGIR sine tilsette og vert fakturert med ein fastpris per time.


Avvik:


Pris:


Kommentar:

Deklarering av avfall saman med kunde 75 per deklarasjon
Ekstraarbeid knytt til avvikshandtering 500 per time
Omemballering av farleg avfall 1000 per time

For meir informasjon om farleg avfall, sjå nedanfor.

Norsas sin rettleiar for deklarering av farleg avfall

Avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall

Avfallsdeklarering.no

 

Har du andre avfallstypar, ta kontakt og me vil gje deg ein god pris.