Avvikshandtering

Avfall som er forbode å deponera/forbrenna

Leveransar som inneheld farleg avfall, elektrisk avfall eller andre typar avfall som er forbode å deponera/forbrenna i høve til avfallsforskrifta, vert automatisk registrert med bilete. Avvik vert sendt kunden. Kunden vert fakturert med 800 kroner for ekstra arbeid i samband med avvikshandteringa. I tilfelle der avfallet inneheld større mengder som må sorterast ut, vert kunden og fakturert for ekstrakostnader knytt til handtering og slutthandsaming av avfallet.

Avviksavfall

Avviksavfall vert definert som avfall som ikkje møter dei krav som NGIR stiller til dei enkelte fraksjonane. Dette gjeld leveransar som avvik vesentleg frå NGIR sine mottakskrav. Det vert skilt mellom gjenvinnbart og ikkje gjenvinnbart avfall.

Levert som Avvik Pris
Rein fraksjon av
– Papp
– Papir
– Plast
Inneheld blanding av papp, papir eller plast. Heile leveransen vert registrert som avviksavfall til kr 1000 per tonn.
Rein fraksjon av
– Papp
– Papir
– Plast
Inneheld større mengder av andre avfallstypar som ikkje normalt skal til sorteringsanlegg for PPP. Heile leveransen vert registrert som avviksavfall til kr 1700 per tonn.
Rein fraksjon til gjenvinning (til dømes stål, trevyrke, EE-avfall) Inneheld andre avfallstypar til gjenvinning. Heile leveransen vert registrert som avviksavfall til kr 1000 per tonn.
Rein fraksjon til gjenvinning (til dømes stål, trevyrke, EE-avfall) Inneheld restavfall eller andre fraksjonar som ikkje kan gjenvinnast. Heile leveransen vert registrert som avviksavfall til kr 1700 per tonn

Dersom kostnadane knytt til utsortering av avfallet er urimeleg i høve til prisen for avviksavfall, vert kunden fakturert for ekstrakostnader knytt til dette i stadenfor prisen for avviksavfall som vist ovanfor.

Det er ikkje høve til å levera blandingar av til dømes stål og trevirke som avviksavfall. Avfallet vert då registrert som avfall til sortering, [Link til dokument ”Blanda avfall til sortering”] og dei krav som gjeld for dette avfallet vert gjeldande.

Farleg avfall

For farleg avfall levert NGIR, skiljer ein mellom avvik knytt til dokumentasjon av avfallet og avvik knytt til mottakskrav til avfallet. Dersom kunden leverer avfall til NGIR utan korrekt utfylt deklarasjon, kan NGIR hjelpa med utfylling av denne.

Ekstraarbeid ved avvik knytt til mangelfull eller feil deklarering, vert fakturert etter timepris som oppgitt nedanfor.

Farleg avfall som vert levert i uegna/dårleg emballasje, må omemballerast. Dette innebærer ein risiko for NGIR sine tilsette og vert fakturert med ein fastpris per time.

Avvik: Pris: Kommentar:
Deklarering av avfall saman med kunde 75 per deklarasjon
Ekstraarbeid knytt til avvikshandtering 500 per time
Omemballering av farleg avfall 1000 per time

For meir informasjon om farleg avfall, sjå nedanfor (pdf-filer)
Norsas sin rettleiar for deklarering av farleg avfall
Avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall