Mottak av båtvrak

NGIR tek imot båtar opptil 15 fot i Kjevikdalen. Du kan ikkje levera fritidsbåtar på gjenvinningsstasjonane.

Frå 1. oktober kan båteigar få utbetalt kr 1000,- per fritidsbåt for å levera den til avfallshandsaming. Miljødirektoratet har innførd ei tilskotsordning kor staten dekkjer heile eller delar av kostnaden ved å handsama kasserte fritidsbåter.

Miljødirektoratet administrerer ordninga og betalar ut tilskot til den som leverer ein kassert båt til mottaket. Les meir om ordninga på Miljødirektoratet sine sider.

Levering til NGIR

  • Båtar med utanbordsmotor og båtar med påhengar kan leverast.
  • Båtar av plast-, tre-, kompositt-, gummi- og aluminiumsbåtar, kajakkar og kanoar kan leverast.
  • Båtane skal vegast over vekt i Kjevikdalen.
  • Skriv ut skjema for refusjon og ta med til NGIR der du får hjelp til å fylla ut skjema for å få refusjon.

Opptil 15 fot

NGIR ventar på løyve frå MDir til å ta imot og miljøsanera båtar over 15 fot. Inntil dette løyvet ligg føre, tek NGIR ikkje imot større båtar. NGIR vil gå ut med informasjon om dette når me får løyve.