Mellombels gjenvinningsstasjon i Solund kommune

Til haustryddinga 2018 vil NGIR oppretta mellombels gjenvinningsstasjon på Hardbakke i Solund. Denne erstattar haustrydderuta. Abonnentane i Solund må med den nye ordninga sjølv levera avfallet sitt til stasjonen, og sortera det der. NGIR arbeider og med å få til slike stasjonar i Gulen og i Masfjorden. 

Dersom nokon har spørsmål om ordninga som vert omtalt her, ber ein om at spørsmåla vert retta direkte til NGIR, og ikkje til kommuneadministrasjonen i Solund. 

Eksisterande ordning for vår- og haustrydding

NGIR har sidan selskapet starta utført «Vår- og haustrydding» i kommunane. På førehandsannonserte datoar vår og haust (to gonger per år), køyrer bilar og samlar opp grovavfall som abonnentane i dei aktuelle kommunane har sett ut på boss-stoppa. Etter kvart som NGIR har bygd ut gjenvinningsstasjonar, er no ryddinga avgrensa til kommunane Solund, Masfjorden og Gulen. Kostnadane med utbygging av permanente gjenvinningsstasjonar er så høge at det ikkje har vore aktuelt for NGIR å byggja stasjonar i desse kommunane.

Oppdraget med køyring av rydderutene har i transportanboda våre ein opsjon som NGIR har nytta seg av. NGIR set datoar og lagar ruteopplegg. Oppdragstakar skaffar materiell og arbeidskraft og utfører arbeidet. Rutene vert køyrd med komprimatorbilar for trevirke, restavfall og metall, og med skapbilar for elektrisk avfall/anna avfall.

Døme på omfang av vårrydding i Gulen Nord 2016: 22 bilar, (14 komprimatorbilar, 6 skapbilar, 2 krokbilar) køyrde 29 turar på ein laurdag og samla inn omlag 133 tonn avfall.)

I 2005/2006 starta NGIR ei tilsvarande vår- og haustrydderute for farleg avfall. Denne ruta vart innførd som erstatning for konteinarar som stod ute i distrikta, der abonnentane kunne levera når dei ville. Dette var ubemanna mottak. Konteinarløysinga vart for risikofull fordi alle typar farleg avfall vart plassert saman. I oppsamlingsruta for farleg avfall kunne abonnentane levera direkte til NGIR sin bil. Ruta for farleg avfall har vore utført av personell og materiell frå NGIR.

I 2013/2014 starta NGIR ei prøveordning i Modalen og Fedje der vår- og haustryddinga vart erstatta av det som vart kalla «mellombels gjenvinningsstasjon», med opningstid fredag og laurdag. Dette er stasjonar som vert rigga av NGIR to gonger per år. Det vert då sett ut konteinarar på eit sentralt område i kommunen, og personell frå NGIR driftar desse som ein ordinær stasjon der abonnentane sjølv må sortera avfallet sitt. I tillegg til å vera mottak for ordinært grovavfall, riggar NGIR og mottak for farleg avfall, slik at ruta for dette avfallet og vert inkludert i tilbodet. Alle avfallsfraksjonar kan då leverast på ein stad. Området vert rydda av NGIR påfølgjande sundag/måndag.

Det er no ynskjeleg å utvida ordninga til Gulen og delar av Masfjorden kommunar.

—————————————————————————————————————————

Når NGIR har vurdert ordninga med vår- og haustrydderutene, er det ulike argument for og imot eksisterande ordning:

Føremoner med eksisterande vår- og haustrydding:

  • Vår- og haustruterutene er innarbeidde ordningar. Dei har eksistert «alltid», og abonnentane har vorte vane med å kunne leggja avfall på ordinære boss-stopp.
  • Det er uforholdsmessig kostbart å byggja permanente gjenvinningsstasjonar i ytterkommunane (etter tradisjonell modell).
  • Vår- og haustryddinga er eit svært godt tilbod i grisgrendte strøk, og til dei som har lang veg til permanente stasjonar.
  • Det er svært lettvint for dei som ikkje har bil/bilhengar.

Ulemper med eksisterande vår- og haustrydding:

  • Avfall vert plassert usortert i vegkantane (diverre og utanfor boss-stopp).
  • Avfall vert fleire plassar sett ut fleire veker før ruta går. Dette fører til fare for skade på særleg born og dyr, men det er og eit estetisk problem.
  • Sjåførane som kjem til boss-stoppa må manuelt sortera og lasta store mengder avfall inn i dei ulike bilane som er i oppdrag. Avfallet er ofte ei blanding av ulike typar, og kan vera filtra godt i saman.
  • Abonnentane sorterer ikkje avfallet sitt sjølv. Det er ikkje framtidsretta og haldningsskapande avfallshandtering.
  • Personell hjå NGIR må ettersortera/omlasta store mengder avfall etter at det er komen inn til Kjevikdalen.
  • Ordninga er tungvint å informera om. Ruta for farleg avfall går nesten parallelt med vår- og haustrydderutene (med fare for mistydingar), og med ulike typar farleg avfall vår og haust.
  • På grunn av omfanget, har ikkje faste kontraktspartnar på transport nok ressursar til slike oppdrag, og dei må leiga inn ekstra personell og materiell. Dette medfører ukjende sjåførar og mykje attgløymt avfall. NGIR må alltid ut på ekstraoppdrag for å henta attgløymt avfall ulike plassar.
  • Det har vore mange tilfelle der sjåførar har teke med seg ting frå vegkantane som ikkje er avfall, og som NGIR har måtta erstatta.
  • Stor informasjonstrong til personell, som er ulikt for kvar gang, er ressurskrevjande.
  • Det vert ofte svært lange arbeidsdagar for sjåførane og for NGIR sine folk i Kjevikdalen.

Fleire mellombelse gjenvinningsstasjonar

Ulempene med eksisterande ordning vert vurdert som så mykje større enn føremonene at styret i NGIR meiner at administrasjonen skal arbeida vidare med å freista å få til fleire «mellombelse gjenvinningsstasjonar». Slike stasjonar vil fjerna så godt som alle ulempene. Ein del abonnentar vil nok meina at dei då får eit dårlegare tilbod. NGIR har gode statistikkar  på leverte avfallsmengder og vil om naudsynt vurdera hyppigheita på rigging av dei mellombelse stasjonane.

Solund vert no først ut av dei resterande kommunane med mellombels stasjon hausten 2018. NGIR vil senda ut meir informasjon til abonnentane i Solund om ordninga.

 Gode tilbakemeldingar

Etter at NGIR innførte «mellombelse gjenvinningsstasjonar» på Fedje og i Modalen har ein ikkje mottatt nemneverdige klager på ordninga. Hjå NGIR vonar ein at abonnentane i kommunane det gjeld tek imot ordninga med eit ope sinn og aksepterer det nye tilbodet.

Det kan også nemnast at opningsdagane gjev eit høve til å arrangera andre aktivitetar i nærleiken. Det kan arrangerast «torgdag» og friviljuge organisasjonar kan ha inntekter på kaffi, vaflar, betasuppe o.l., og ulik informasjon kan formidlast.