Marin forsøpling

Ver med og rydd ei strand i ditt nærområde

Me vil ha reine strender, rein kyst, reint hav og ein havbotn utan skrot og boss! Ver med oss å rydde strender, og du bidreg og til å løysa eit globalt miljøproblem. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjera litt. Marint avfall er såkalla herrelaust avfall, og NGIR kan ikkje dekkja kostnader med handsaming av avfallet over hushaldsgebyret. Me søkjer Miljødirektoratet om midlar til å dekka utgiftene, i tillegg til at vi har eit eige fond som er sett av til dette.  Avfallet frå strandryddeaksjonar må difor registrerast slik at utgiftene ikkje vert belasta hushaldsgebyret.

Vil du rydda ei strand?

Ta kontakt med NGIR for registrering og for å levera avfallet gratis. Du får eigne sekkar og hanskar til strandryddinga hjå oss. Send e-post til post(a)ngir.no
Her registrerer du ryddeaksjonen din i kartet

I tillegg kan du melda deg/laget på den nasjonale aksjonen til ”Hold Norge Rent”. 

Marin forsøpling

Dei siste åra har det vore fokus på marin forsøpling og rydding av strender langs norskekysten. Strandryddedagen er eit årleg, landsomfattande miljøtiltak der ein ryddar plast og boss frå strender i Noreg. Strandryddedagen vart arrangert for første gong i 2010. Den offisielle strandryddedagen er første eller andre lørdagen i mai kvart år, men hjå NGIR varer aksjonen i to-tre veker. I 2015 melde NGIR seg inn i «Hold Norge Rent», som jobbar for å engasjere folk til friviljuge ryddeaksjonar i norsk natur. Privatpersonar, lag og organisasjonar kan gå saman og rydde ei strand i nærområdet. Kampanjen, som går kvar vår, vert finansiert av inntekter som NGIR har på næringsavfall.

Fakta om marin forsøpling

  • I 2020 er det anslått at total mengde boss i havet er over 230 millionar tonn. Ein trur 90 % er plast.
  • I norske farvatn er mengda boss som vert dumpa i sjøen omlag 36 000 tonn årleg. Av dette synk omlag 70 % til botn, 15% flyt og vert akkumulert opp i Det store søppelhavet (YouTube) og kun 15% vert skylt på land (Kilde: UNEP).
  • 100 000 marine pattedyr døyr årleg som ein konsekvens av at dei hektar seg fast i tauverk, liner og garn.  Dyr som sit fast druknar som regel eller dei sultar ihjel.
  • 1/3 av fisk undersøkt i den britiske kanalen har magen full av plast.
  • Søppel i strandsona, til dømes sprøytespissar, hermetikk og anna medisinsk utstyr, kan vera helsefarleg for menneske og husdyr i nærleiken. Hundar og born kuttar seg, og strendene og kysten vert mindre tilgjengelig for bading, turar, soling etc.
  • Når ei isporkasse eller ein plastpose først er broten ned i millionvis av små bitar, er den nesten umogleg å rydde opp.