Kasserte fritidsbåtar

Frå 1. oktober 2017 kan NGIR ta i mot kasserte fritidsbåtar inntil 49 fot. Du kan søkja Miljødirektoratet om refusjon på kr 1000,- per båt.

Kasserte fritidsbåtar frå hushaldskundar på inntil 15 fot (4,57 meter) kan leverast gratis i Kjevikdalen, men ikkje på gjenvinningsstasjonane. Ordninga gjeld og kajakkar, kanoar og liknande.

  • Dersom båten er større enn 15 fot, må ein ringje på førehand og avklare tid for levering. Dette er på grunn av lagringskapasitet.
  • Båten kan leverast på alle kvardagar i Kjevikdalen. Kom 1/2 time før stengjetid for å fylle ut skjema.
  • Eigar må oppgi vekt på båten.
  • Båten skal vera rydda for boss.
  • Farleg avfall og gassbehaldarar må fjernast frå båten før levering.
  • Skroget må reingjerast for tang og skjel, såkalla «marin begroing» .
  • For å søkja refusjon frå Miljødirektoratet må du fylla ut eit refusjonsskjema. Det ein fordel om du har fylt ut skjemaet før du kjem i Kjevikdalen, men du kan få hjelp med utfylling av skjema.
    Refusjonsskjema (pdf)

Tilskot til båteiegarar

Miljødirektoratet har innførd refusjonsordning for kasserte fritidsbåter.  Beløpet er kr 1000,- per båt, og søknaden sendast til Miljødirektoratet. For å få utbetalt tilskotet må båteigar fylle ut og få signert eit skjema som bekreftar eigarskap og levering til godkjend mottak. På Miljødirektoratet sine heimesider kan du lesa meir om søknadsprosessen og finna informasjon om refusjonsordninga.

MENY