Isopor skal leverast som restavfall

Isopor kan ikkje lenger leverast saman med plastemballasje

Skjerpa krav frå gjenvinningsanlegga gjer at isopor ikkje lenger kan leverast saman med plastemballasje.

Isopor er laga av plast, men kan ikkje gjenvinnast saman med anna plastemballasje. Difor skal små mengder isopor kastast i restavfallet. Dersom du har større mengder isopor, skal det leverast som restavfall på ein av gjenvinningsstasjonane våre.