Slik sorterer du

Restavfall

Du kan nytta plastposar og hyttesekkar til restavfall frå dagleg forbruk. Posane kastar du i hyttekonteinarane som står rundt i områda.

Kjeldesortering på hytta

NGIR har ikkje sorteringsordningar på hyttene, men det er ikkje noko i vegen for at du kan sortera ut både papp, papir og plast og levera det til ein gjenvinningsstasjon.

Glas- og metallemballasje

Glas- og metallemballasje skal leverast i konteinarar på eigne returpunkt. Desse finn du utanfor kjøpesenter og nærbutikkar. Søk i kartet for å finna ditt næraste returpunkt.

Farleg avfall

Farleg avfall frå hushald skal leverast til bemanna mottak, dette vil seia ein av NGIR sine gjenvinningsstasjonar eller til eigne henteruter for farleg avfall i kommunane utan gjenvinningsstasjon.

Tett emballasje og tydeleg merking!

Avfallet skal vera i tett emballasje (helst original) og merka tydeleg med innhald, evt. «ukjent innhald». Er emballasjen tett i utgangspunktet, trengs ikkje ytterlegare innpakking.

Asbesthaldig avfall skal vera innpakka før ein kjem til gjenvinningsstasjonen.
NB! Bland aldri saman ulike stoff. Levèr «slantane» i kvar si flaske.

Generelt om farleg avfall

Alt avfall som inneheld helse- og miljøfarlege stoff er farleg avfall. Utslepp av slike stoff til jord og vatn fører til miljøskadar på fisk, dyr og plantar, og menneske. Farleg avfall må difor handsamast på ein forsvarleg måte for å unngå slik skade.

Døme på farleg avfall

Basar, bilbatteri, bleikemiddel, fugemasse, insektsmiddel, kjemikalium, kvikksølvtermometer, lakk, lim, måling, naglelakk og -fjernar, olje, oljefilter, oljekanner, omnrens, parafin, plantevernmiddel, sprayflasker, syrer, terpentin, tennveske, ugrasmiddel.

NB! Er målingsspannet tomt og tørt, så er det restavfall.

Farleg avfall i PCB-vindauga

PCB (www.pcb.no) er eit svært miljøfarleg stoff som no er forbode i produksjon. Mange skiftar difor ut PCB-vindauge (ruteretur). Desse skal leverast direkte til gjenvinningsstasjon.

Sorteringshjelp

Sorteringshjelp frå A til AA (pdf-fil)
Du kan og bruka den nasjonale sorteringsguiden og søkje etter ein bestemt type avfall.