Renovasjon for hytter

NGIR utfører dei kommunale renovasjonstenestene for kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy og Solund. Dette inneber innsamling og vidare handsaming av alt avfall frå dei over 6 000 hyttene i desse kommunane.

Restavfall

Alle hus og hytter i NGIR-området må ha ei renovasjonsordning. Hyttekundar nyttar hyttekonteinarane som er sett ut til dagleg restavfall. Det finst eigne ordningar for anna type avfall som oppstår på hyttene.
Sjå kart over NGIR sine hyttekonteinarar

Gebyr

Prisar 2017
Renovasjonsgebyr hytte kr 1 840,- per år.

Dette gebyret er vedteke av alle NGIR-kommunane. Gebyret dekkjer tømming av avfall frå hyttekonteinarar og levering av grovavfall på NGIR sine gjenvinningsstasjonar. Hyttekundar kan også nytta vår- og haustrydderutene til NGIR.

Har du spørsmål? Sjå Vanlege spørsmål og svar.

Hyttesekkar

NGIR har eigne hyttesekkar som kan nyttast. Du kan og nytta vanlege plastposar eller bossekkar.

Hyttesekkar får du her:

  • Gulen:
    • Kommunehuset, Eivindvik
    • Ellingsen Daglegvare, Brekke  –  Tlf. 57 78 55 72
    • Dingja Landhandel, Dingja  –   Tlf. 57 78 48 44
    • Dalsøyra Handel, Dalsøyra  –   Tlf. 57 78 32 34
    • Eidsbotn Handel, Eidsbotn  –  Tlf. 57 78 38 21
    • Byrknes Landhandleri, Byrknesøy  –  Tlf. 57 78 22 02
  • Austrheim:
    • Gjenbrukstasjon, Litlås  –  Tlf. 56 16 90 20
    • Spar, Fonnes senter  –  Tlf 56 16 87 60
    • Daglegvare, Mastrevik  –   Tlf 56 16 96 10
  • Lindås:
    • Lindås kommune
    • Eurospar, Isdalstø  –  Tlf. 56 35 19 90
    • Kvamsvåg Handel, Alversund  –  56 35 00 64
    • Hundvin Handel, Vågseidet  –  Tlf. 56 36 36 36
    • Nye Myking Mat, Myking  –  Tlf. 56 36 40 02
    • KIWI, Lindås Senter, Lindås  –  Tlf. 56 36 06 20
    • Feste Nærkjøp AS, Seim  –  Tlf. 56 35 51 50
    • Seimstrand Forbruksforening, Seim  –  Tlf. 56 35 79 05
    • Hjelmås Handelslag, Hjelmås  –  Tlf. 56 35 30 15
    • Andvik K. Eftf., Eikangervåg  –  Tlf. 56 36 40 46
    • Vaage Karosseri, Eikangervåg  – Tlf. 56 35 63 50
    • Rema 1000, Ostereidet  –  Tlf. 56 35 82 50
  • Meland:
    • Frekhaug bilsenter.
  • Masfjorden:
    • Kommunehuset, Masfjordnes – Tlf. 56 16 62 00
    • Kvingo Nærkjøp – Tlf. 56 36 71 25
    • Spar Hosteland – Tlf. 56 16 60 50
  • Modalen
    • Mo handelslag, Nedre  –  Tlf. 56 59 98 30
    • Mo handelslag, Øvre Helland  –  Tlf. 56 59 98 41
  • Radøy:
    • Gjenbrukstasjon, Manger  –  Tlf. 56 34 71 28
  • Solund:
    • Hersvikbygda Landhandel  –  Tlf. 57 78 77 42

Hyttekonteinarar

NGIR har i overkant av 450 hyttekonteinarar rundt i regionen tilgjengeleg for hyttefolket. Tal og storleik på konteinarane er basert på kva som er naudsynt kapasitet for hyttene i dei enkelte områda, og kostnaden for dette vert dekka av hytteeigarane sjølve over renovasjonsgebyret.

Er konteinaren full?

Konteinarkapasiteten og tømmefrekvensen er tilpassa talet på hytter som finst i dei ulike områda, og kapasiteten er rikeleg for hyttene. Det er diverre eit stort problem at konteinarane og vert nytta av dei fastbuande i dei ulike områda.

NGIR oppfordrar til at du tek kontakt med oss dersom du kjem over ein overfylt hyttekonteinar slik at me kan få tømt den, og utanom dei ordinære tømmerutene.

Sjå kart over NGIR sine hyttekonteinarar