Ofte stilte spørsmål

  1. Når huset ikkje er i bruk, og eg ikkje leverer avfall frå bustaden, skal eg då betala renovasjonsgebyr?

    Eigarkommunane til NGIR har vedteke at alle hus og hytter i NGIR-kommunane skal ha ei renovasjonsordning. Dette betyr at du må betala renovasjonsgebyr sjølv om huset ikkje er i dagleg bruk. Du kan i slike tilfelle søkja NGIR om redusert gebyr på bustaden. Dersom huset kan dokumenterast å ikkje vera i bruk i minimum 6 månader, kan det gjevast reduksjon i gebyret tilsvarande halvt normalabonnement. Avfallsdunkane som høyrer til husværet som det vert søkt reduksjon for, må leverast inn til NGIR i reingjort tilstand, og avfall må leverast på gjenvinningsstasjonane. For å få reduksjon må du senda inn ein søknad til NGIR. Ver obs på at reduksjonen ikkje har tilbakeverkande kraft, og NGIR må ha søknaden i hende før den termin det vert søkt reduksjon for.
    Søknadsskjema for fritak av ordinær renovasjon.

  2. Kva skal til for at eg kan få fullt fritak for renovasjonsgebyret?

    Fritak for renovasjonsgebyret vert berre gjeve dersom bustaden er i ein slik stand at det ikkje kan bu folk der i ein periode på minimum 6 månader. Dersom ein har husvære for utleige kan ein få fritak frå gebyret dersom ein går over til å nytta heile huset sjølv. I begge desse høva må avfallsdunkane leverast inn til NGIR i reingjort stand. For å få fritak må du senda inn ein søknad til NGIR. Ver obs på at fritaket ikkje har tilbakeverkande kraft, og NGIR må ha søknaden i hende før den termin det vert søkt fritak for.
    Søknadsskjema for fritak av ordinær renovasjon.

  3. Kva rabattordningar har NGIR?

    NGIR har to rabattordningar for hushald. Kundar som leverer restavfall berre ein gong i månaden får 400 kr rabatt i året. Kundar som komposterer matavfallet heime får ein rabatt på 500 kr i året. Kontakt NGIR for endring.

  4. Finst det rabattordningar for hyttekundar?

    NGIR har ingen rabattar for hyttekundar. Det er heller ikkje mogleg for hyttekundar å få tilbod om heimekompostering via NGIR.

  5. Eg er hytteeigar, men nyttar meg ikkje av hytterenovasjonsordninga. Treng eg då å betale renovasjonsgebyr?

    Så lenge hytta er i brukbar stand, og står oppført i eigedomsmatrikkelen, må hyttekundane betale renovasjonsgebyr, anten ho vert nytta eller ei. Politikarane har vedteke at det skal vera tvungen renovasjon i NGIR sine eigarkommunar. NGIR kan ikkje måla kor mykje avfall den enkelte hytteeigar leverer, og difor kan ikkje gebyret regulerast på bakgrunn av levert mengde.

  6. Kvar kan eg bestilla bossdunkar?

    Ta kontakt med NGIR på telefon eller e-post, og ein av våre kunderådgjevarar vil hjelpa deg. Leveringstid på dunkar kan vera på inntil 2 veker. Dersom du ønskjer dunkar før den tid, kan du koma i Kjevikdalen og henta dunkar her. Ta då kontakt i resepsjonen, og ring gjerne for å få ein avtale på førehand.

  7. Kva gjer eg dersom dunken min forsvinn eller vert øydelagd?

    Er dunken borte når du skal henta han etter tømming, kan du sjekka om det står eit spann att, og om nokon kan ha tatt feil spann. Er dunken øydelagd skal du ikkje venta med å ta kontakt. Kunderådgjevarane i NGIR kan bestilla ny dunk til deg. Leveringstid på dunken kan vera på opptil 2 veker.

  8. Kvifor er ikkje bosset mitt tømt?

    For at du skal vera sikker på at bosset ditt vert tømt, må det setjast fram på hentestaden før kl 07.00 den dagen bosset skal tømmast. Er du seinare ute med bosset, kan ein risikera at renovasjonsbilen allereie har vore der. Sjekk også at du har sett ut rett boss i rett vekenummer. Det er lett å ta feil. Ver flink å sortera bosset riktig. Dersom du til dømes kastar restavfall i papirdunken din, vil ikkje transportøren ta bosset ditt med seg. Har du gjort alt rett, og det likevel skulle skje at dunken din ikkje er tømt, ta kontakt med NGIR. Ved snø og vanskeleg føre, la dunken stå. Renovasjonsbilen kan vera forseinka.

  9. Korleis kan eg få tak i nye bioposar, plastsekkar eller sekkar for tekstilar?

    Når du ser at rullen nærmar seg tom, legg du ein pose/sekk under loket på ein dunk. Det er same kva dunk det er. Då får du ein ny rull med posar/sekkar av same type som du la under loket. Hugs å be om nye sekkar før den gamle rullen er tom!

    Du kan også hente bioposar og plastsekkar på  alle gjenvinningsstasjonane  og på Gjenbruksbutikken i Solund.

  10. Eg har fått faktura, men eg har ikkje motteke bossdunkar. Kvifor?

    Det går ikkje automatikk i at dunkar blir levert ut når du flyttar inn i nytt hus. Dette fordi folk ønskjer ulike renovasjonsordningar. Når du har bygd nytt hus, og NGIR får tilsend ferdigattest på bustaden din, vert det lagt inn gebyr og rutenummer. Me ventar derimot med å levera dunkar til du som kunde tek kontakt, slik at me kan levera den løysinga du vil ha.

  11. Eg leverer bosset mitt på gjenvinningsstasjonen. Kvifor skal eg då betala renovasjonsgebyr?

    Gjenvinningsstasjonen er ikkje meint til den daglege renovasjonen, men for større mengder avfall og farleg avfall. Renovasjonsgebyret dekkjer drifta av gjenvinningsstasjonane til NGIR.

  12. Eg har fått sms-varsel frå NGIR. Korleis får NGIR tak i nummeret mitt, og betaler eg noko for meldingane?

    NGIR IKS brukar telefonvarsling til innbyggjarane. Via UMS ServiceVarsling (levert av UMS – Unified Messaging Systems AS), sørgjer NGIR IKS for at du får beskjed via SMS ved til dømes endringar i tømming eller at renovasjonsbilen ikkje kjem fram. Du betaler ikkje noko for meldingane. Les meir om sms-varsel her.