SMS-varsel frå NGIR

NGIR IKS brukar telefonvarsling til innbyggjarane. Via UMS ServiceVarsling (levert av UMS – Unified Messaging Systems AS), sørgjer NGIR IKS for at du får beskjed via SMS ved til dømes endingar i tømming eller at renovasjonsbilen ikkje kjem fram. Også i andre situasjonar kan det være aktuelt å bruka systemet for å nå ut til innbyggjarar med viktig informasjon.

Varslinga skjer ved at det vert sendt ut SMS til alle mobiltelefonar.

Korleis verkar det?

I samband med endingar i bosshenting, at renovasjonsbilen ikkje kjem fram eller liknande, vil det gå ut ein beskjed om kva som har skjedd eller kva som skal skje. Systemet fangar opp alle registrerte mobilnummer på eigedomane i det aktuelle området.

Korleis finn NGIR mitt telefonnummer?

Adressedatabasen som vert brukt under varsling er basert på informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysningar frå alle teleoperatørar og informasjon frå Eigedomsregisteret.

Får eg varsel? Korleis sjekkar eg det?

Du kan kontrollere og endre di oppføring i UMS sin portal for administrering av kontaktdata: ums-portal

Du får opp namn, telefonnummere, registrerte familiemedlemmar over 16 år og adressa di. Under adresse kan du deaktivere varsel og registrera deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du til dømes ynskjer å få varsel ved hendingar for fritidseigedom, studentbustad eller liknande. Hugs at dersom du fjernar telefonnummeret ditt frå lista, kan du mista tilgang på viktig offentleg informasjon.
Merk at dersom telefonen din er registrert på arbeidsgjevar, må du sjølve leggje denne til på den folkeregistrerte oppføringa di for å få varsel på hendinga på heimeadressa.

Får bornet ditt meldinga?

Ofte er telefonnummer til barn registrert på foreldra sitt namn. Då brukar du dette nummeret for å logge inn på portalen og endra til korrekt nummer.

Hemmeleg nummer?

Adressedatabasen fangar ikkje opp personar med hemmeleg nummer, og desse mottek ikkje varsling med dagens system. Du som har eit slikt nummer og ynskjer varsling, kan registrera deg i databasen, som vert halde hemmeleg for alle andre.

For eventuelle spørsmål i samband med registrering/endring av telefonnummer i varslingssystemet, kontakt oss på e-post: post(a)ngir.no