Slik sorterer du

Matavfall

Ikon av bosspann for matavfallVåtorganisk avfall er matavfall som kjøt, fisk, grønsaker, frukt, brød, eggeskal, kvitt og naturfarga mjukpapir som tørkerull, kaffigrut med filter, teposar, bein, meieriprodukt, eggekartong osb. I kjøkkenbenken brukar du den brune biobøtta med bioposar i. Knyt bioposen før du kastar den i dunken.

Treng du ny biobøtte og nye bioposar? Du får det på alle gjenvinningsstasjonane.

Papir, papp og drikkekartong

Ikon av bosspann for papp og papirAlt papir og papp som til dømes avispapir, vekeblad, skrivepapir, reklame, pizzaøskjer, vaskemiddelkartong, arkivmateriale og liknande skal kastast i dunken med det blå loket.

Nei takk!

Gjennomfarga og limt papir som konvoluttar, serviettar, post-it lappar, gåvepapir osb. kan ikkje gjenvinnast og må difor kastast som restavfall. Hugs at innhaldet i denne dunken vert kontrollert for hand i Kjevikdalen.

Stapp 6i7- returkartonglotteriet

Du kan vinna pengar på drikkekartongane dine. NYTT FRÅ 2017 er at du har to val, anten levera kvar kartong for seg eller lage kubbar. Kvar einskild kartong er altså eit lodd. Skyll kartongen, press den flat og skriv navn og telefonnummer på. For å vinna 100 000 må du framleis skylja, bretta og stappa minst seks drikkekartongar i ein sjuande til en kubbe (6i7). For skulemelk-kartongar gjeld fire kartongar oppi den femte. Korken kan stå på, eller kastast i plastavfallet. Hugs å skriva namn og telefonnummer på. Kartongen eller kubben kastar du rett i papirdunken. Les meir om lotteriet på grontpunkt.no

Plastemballasje

Plastsekk for plastembalasjeAll emballasjeplast skal sorterast i eigen plastsekk for plastemballasje.

Restavfall

Ikon av bossdunk for restavfallDøme på restavfall er bleier og sanitetsbind, øydelagde leikar, oske, støvsugarposar, kattesand, utslitne klede og sko, dorullkjernar og serviettar, gåvepapir og band, konvoluttar, emballasje som er samansett av ulike materiale, papir, papp eller plastemballasje som er tilgrisa.
Pakk restavfallet i ein bærepose eller annan sekk som du knyt att. Posen legg du i dunken. Unngå å kasta boss direkte i dunken, då dette grisar til og gjer at avfallet lettare frys fast om vinteren.

Sorteringsguide for hushald (pdf).

Finn sorteringsguide på fleire språk.

Du kan og bruka den nasjonale sorteringsguiden og søkje etter ein bestemt type avfall.

Glas- og metallemballasje

Glas- og metallemballasje skal leverast i konteinarar på eigne returpunkt. Desse finn du ved sidan av kjøpesenter og nærbutikkar. Søk i kartet for å finna ditt næraste returpunkt.

kart

Kompostering

Vilkår for å låna varmkompostbinge:

  • Komposteringa skal drivast heile året
  • Alt bioavfall frå hushaldet som er eigna til kompostering, og som ikkje vert nytta som dyrefôr, skal komposterast.
  • NGIR har rett til å føra kontroll med at kompostbingen vert nytta etter føresetnadene
  • Varmkompostbingen er NGIR sin eigedom og kan ikkje seljast, gjevast vekk eller flyttast ut av regionen. Om det vert oppdaga feil og manglar ved kompostbingen, skal det gjevast melding til NGIR.
  • Dersom du ønskjer å slutta med varmkompostering skal NGIR ha melding, og bingen returnerast.

Ynskjer du avtale om heimekompostering?

Fyll ut avtale om heimekompostering og send til NGIR, Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin.
Lurer du på noko i høve heimekompostering kan du ta kontakt med konsulenten vår på telefon 56 34 33 14, eller sende e-post til botne(a)ngir.no
NGIR eig kompostbingar og leiger dei ut gratis. NGIR køyrer ut kompostbingen og leverer den heime hjå deg, mot eit gebyr på kroner 200,-.

Les også:
Komposthandboka – ein guide for alle kompostørar
Kompostering av matavfall på Grønn Hverdag sine nettsider

Kompoststrø

Ein føresetnad for å lukkast med komposten er å tilsetja tilstrekkeleg med strø og snu på komposten med jamne mellomrom. Som strø kan du bruka sagflis, opprivne eggekartongar eller ferdigkjøpt strø. Alle hushald som komposterer matavfallet har tilbod om å henta ein gratis sekk med kompoststrø i året.

Utleveringsstader

  • Lindås: Eining for funksjonshemma, Gjenvinningsstasjonane på Manger, Litlås, Mjåtveit og i Kjevikdalen.
  • Gjenbruksbutikken til KIM (Knarvik).
  • Einekavane i Masfjorden.
  • Modalen kommune, teknisk avdeling.
  • Gulen kommune, teknisk avdeling.
  • Solund kommune, teknisk avdeling.

Varmkompostbingen er NGIR sin eigedom og kan ikkje seljast, gjevast vekk eller flyttast ut av regionen. Om det vert oppdaga feil og manglar ved kompostbingen, skal det gjevast melding til NGIR.

Dersom du ønskjer å slutta med varmkompostering skal NGIR ha melding, og bingen returnerast.

Farleg avfall

Farleg avfall frå hushald skal leverast til bemanna mottak, dette vil seia ein av NGIR sine gjenvinningsstasjonar eller til eigne henteruter for farleg avfall i kommunane utan gjenvinningsstasjon.

Tett emballasje og tydeleg merking!

Avfallet skal vera i tett emballasje (helst original) og merka tydeleg med innhald, evt. «ukjent innhald». Er emballasjen tett i utgangspunktet, trengs ikkje ytterlegare innpakking.

Asbesthaldig avfall skal vera innpakka før ein kjem til gjenvinningsstasjonen.
NB! Bland aldri saman ulike stoff. Levèr «slantane» i kvar si flaske.

Generelt om farleg avfall

Alt avfall som inneheld helse- og miljøfarlege stoff er farleg avfall. Utslepp av slike stoff til jord og vatn fører til miljøskadar på fisk, dyr og plantar, og menneske. Farleg avfall må difor handsamast på ein forsvarleg måte for å unngå slik skade.

Døme på farleg avfall

Basar, bilbatteri, bleikemiddel, fugemasse, insektsmiddel, kjemikalium, kvikksølvtermometer, lakk, lim, måling, naglelakk og -fjernar, olje, oljefilter, oljekanner, omnrens, parafin, plantevernmiddel, sprayflasker, syrer, terpentin, tennveske, ugrasmiddel.

NB! Er målingsspannet tomt og tørt, så er det restavfall.

Farleg avfall i PCB-vindauga

PCB (www.pcb.no) er eit svært miljøfarleg stoff som no er forbode i produksjon. Mange skiftar difor ut PCB-vindauge (ruteretur). Desse skal leverast direkte til gjenvinningsstasjon.