Rydderuter

NGIR køyrer rydderuter på våren og hausten til dei som bur langt unna gjenvinningsstasjonane. Tilbodet gjeld for hushalds- og hyttekundar.

Legg ulikt avfall kvar for seg på fast underlag og set det ut før kl. 07.00 der du vanlegvis set ut dunkane dine. Avfallet bør setjast ut så nær hentetidspunktet som mogleg, og tidlegast 14 dagar før. Sørg for at det ikkje kan gjera skade på folk og dyr eller i naturen. Fjern ting som ligg lagra i nærleiken som ikkje skal hivast. NB! Kvitevarer må ikkje innehalda boss.

Dette kan du levera på rydderutene

  • Elektrisk og elektronisk (EE) avfall
  • Metall
  • Restavfall som er for stort til bossdunken, til dømes stoffmøblar og madrassar.
  • Trevyrke inntil 1 m3 (impregnert trevyrke skal leverast til eiga henterute. Sjå henterute for eternitt/asbest, isolerglas og trykkimpregnert materiale lenger ned på sida.)

Dette kan du ikkje levera på rydderutene

  • Bildekk
  • Farleg avfall (sjå eiga rute)
  • Glas- og metallemballasje (eigne returpunkt)
  • Hageavfall
  • Matavfall/slakteavfall
  • Medisin (apotek)
  • Større mengder bygge- og rivingsavfall
  • Tekstilar

Sjå henterute for farleg avfall lenger ned på sida.

Haustrydderute 2019

Over ser du eit kartutsnitt av våre bossruter. Hald musepeikaren over utsnittet for å flytte deg rundt i kartet. Under ser du ei oversikt over kva datoar me køyrer dei ulike haustrydderutene.

751
Laurdag 31. august.

711 og 731 (mellom Rutledal og Takle)
Laurdag 07. september.

Hisarøy
Torsdag 12. september.

741
Laurdag 14. september.

622
Laurdag 21. september. Heile ruta forutan Eikemofoss-Molland-Duesund. I tillegg køyrer me 632 Romarheim-Andås denne dagen.

451 
Laurdag 28. september. I tillegg køyrer me 622 Duesund-Molland-Eikemofoss denne dagen.

612 
Laurdag 5. oktober. Undergang ved Ostereidet senter til Nesbø og Andås v.kryss til Ådnekvam med sideveier.

Solund

NGIR opprettar gjenvinningsstasjon i Solund med fyrste opningsdag 24. august. Les meir her.

Mellombels avfallsmottak

Ordninga er for private hushald og hytter, ikkje næringskundar.

Dette kan du levera på mellombels avfallsmottak

  • Elektrisk og elektronisk (EE) avfall.
  • Eternitt/asbest: skal leverast på pall, innpakka i byggingsplast (dampsperre 0,32 mm).
  • Farleg avfall
  • Isolerglas kan leverast enkeltvis eller spikra ståande på pall.
  • Metall
  • Restavfall som er for stort til bossdunken, til dømes stoffmøblar og madrassar.
  • Trevyrke, også trykkimpregnert, inntil 1 m3.

For spørsmål om pakking og emballering, ring 488 96 148.

Dette kan du ikkje levera på eit mellombels avfallsmottak

  • Bildekk
  • Fyrverkeri og pyroteknisk utstyr, sprengstoff og ammunisjon – kontakt politiet.
  • Hageavfall
  • Matavfall/slakteavfall
  • Medisin (leverast apotek)
  • Ting til gjenbruk (henteordning/eigne returpunkt)
    • Glas- og metallemballasje
    • Papp/papir og plast
    • Tekstilar til Fretex og UFF

Mellombelse mottak haust 2019

Fedje
Kalvedalen.
Fredag 30. august kl 13.00-19.00 og laurdag 31. august kl 09.00-15.00.

Modalen
Mo.
Fredag 6. september kl 13.00-19.00 og laurdag 7. september kl 09.00-15.00.

Henterute for eternitt/asbest, isolerglas og trykkimpregnert materiale haust 2019

vindu

Henterute for eternit/asbest, isolerglas og trykkimpregnert materiale for hushald og hytter. Du må møta opp personleg for å levera avfall.

Eternitt/asbest, isolerglas og trykkimpregnert materiale vert henta på eiga rute. Denne type avfall kjem ofte i store mengder, og dette krev eigen hentebil. Av praktiske årsaker kan du berre kan levere desse tre avfallstypane. Anna farleg avfall, slik som maling, olje og batteri, må leverast på eiga henterute for farleg avfall om våren.

Krav til levering:

  • Eternitt/asbest skal tettpakkast i byggingsplast (dampsperre 0,32 mm) slik at plasten dekkjer asbesten. Materialet leverast på pall, og under transport må den sikrast med tau for å unngå skader på platene. Ikkje bruk stroppar, då dei kan skada plasten og føra til asbesthaldig støv.
  • Isolerglasruter kan leverast enkeltvis eller spikra ståande på pall.
  • Trykkimpregnert materiale skal kappast i pallelengder og leverast fastsurra på pall. Dette er fordi avfallet vert henta med kranbil.

For spørsmål om pakking og emballering, ring 488 96 148.

Vis ansvar – kast ikkje farleg avfall i naturen!

Henterute for eternitt, isolerglas og trykkimpregnert materiale 2019

Ruta vert køyrd med to bilar. Det er difor like tidspunkt på nokre av stoppa.

Masfjorden sør-Lindås aust Onsdag 04.09
15.00-16.00 Masfjordnes (ferjekaia)
15.00-16.00 Rødland v/veteranbilgarasjen
16.30-17.00 Nordkvingo (ved brua)
16.30-17.00 Hølleland (kryss mot Hosøy)
Indre Gulen-Masfjorden nord Onsdag 11.09
11.30-12.30 Brekke (ferjekaia)
11.30-12.30 Hosteland (v/bensinstasjonen)
13.30-14.00 Oppedal (ferjekaia)
13.30-14.30 Haugsvær (v/butikken)
Gulen «Øyane» Onsdag 18.09
15.30-16.30 Byrknes (v/butikken)
15.30-16.30 Mjømna (kaia)
16.45-17.00 Ånneland (krysset)
Ytre Gulen Onsdag 25.09
13.30-14.30 Eivindvik (hurtigbåtkaia)
13.30-14.00 Nordgulen (i krysset)
15.00-15.30 Dingja landhandel
15.00-15.30 Dalsøyra (v/kraftlaget)
16.15-17.00 Rutledal (ferjekaia)
16.15-17.00 Steine (v/postterminal)

 

Henterute for farleg avfall vår 2019

For denne ruta gjeld:

  • Personleg oppmøte. Ordninga er for private hushald og hyttekundar, ikkje næringskundar.
  • Bruk tett emballasje (helst originalemballasje).
  • Tydeleg merking med opplysningar om innhald.

Bland aldri ulike stoff. Levér slantane i kvar si flaske.

Døme på farleg avfall:

Måling, lim, lakk, olje, sprayboksar, reingjeringsmiddel, syrer, basar, alle typar batteri, plantevernmiddel, lyspærer, lysstoffrøyr, spillolje på tett småemballasje opp til 25 l kanner. NB! All tomemballasje som har innehalde farleg avfall er restavfall. Tomme 200 liters spuns-/spennlokkfat skal leverast som metall på vårrydderute.

Dette kan du ikkje levera:

  • Medisin – skal leverast til apotek
  • Fyrverkeri og pyroteknisk utstyr, sprengstoff og ammunisjon – kontakt politiet
  • Smitteavfall
  • Isolerglas, eternitt, trykkimpregnert trevyrke (Sjå eiga henterute for eternit/asbest, isolerglas og trykkimpregnert materiale.)

Farleg avfallsrute vår 2019

Gulen ”øyane”

Tysdag 16. april

15.30-16.30 Byrknes (ved butikken)
17.00-17.30 Mjømna (kaia)
17.45-18.00 Ånneland (krysset mot Ånnelandsjøen)

Masfjorden sør
/Lindås aust

Torsdag 9. mai

15.00-16.00 Masfjordnes (ferjekaia)
16.30-17.00 Nordkvingo (ved brua)
18.00-18.30 Veland (kryss mot Hosøy)
18.45-19.15 Rødland (ved veteranbilgarasjen)

Gulen Ytre

Torsdag 25. april

10.30-11.30 Eivindvik (ved kommunehuset)
11.30-12.00 Eivindvik (hurtigbåtkaia)
13.20-13.45 Dingja (gamlebutikken)
14.30-15.00 Rutledal (ferjekaia)
15.30-16.00 Nordgulen (i krysset)
16.30-16.50 Dalsøyra (ved kraftlaget)
17.05-17.20 Steine (ved postterminal)

Solund

Informasjon vil koma snarleg.

Gulen Indre-
Masfjorden nord

Tysdag 30. april

11.30-12.30 Brekke (ferjekaia)
13.30-14.00 Oppedal (ferjekaia)
14.30-15.30 Haugsvær (ved butikken)
12.00-13.00 Hosteland (ved bensinstasjonen)

I Modalen og på Fedje vert det sett opp mellombelse avfallsmottak i staden for vårrydderuter der ein kan levera farleg avfall.