Renovasjon for hushald

Gebyr

Alle hus og hytter i NGIR-området må ha ei renovasjonsordning. Det finst ulike ordningar for hus og hytter. Standardordninga for hus er ei løysing med tre dunkar for papp og papir, restavfall og matavfall. For matavfall kan ein alternativt velje heimekompostering. I tillegg får du ein rull med sekkar til plastemballasje. Les meir om løysinga i sorteringsguide for hushald.

Sorteringsguide for hushald (pdf)

Renovasjonsgebyr bustad (140 liter)  kr 3 680,-
Tillegg for stor restavfallsdunk (240 liter)  kr 400,-
Rabatt for restavfallslevering kvar 4. veke kr 400,-
Rabatt for heimekompostering kr 500 ,-

Skjema

Her finn du skjema for bestilling, endring og søknad om fritak av renovasjon. Du kan og søka om heimekompostering. Alle skjema kan fyllast ut elektronisk. Dette krev at du lastar ned dokumentet til din eigen pc, fyller ut skjemaet og sender det som vedlegg i e-post til post(a)ngir.no

Søknadsskjema for bestilling eller endring av renovasjon 
Avtale om heimekompostering
Søknadsskjema for fritak frå renovasjon
Retningsliner for fritak frå renovasjon

Flytting og renovasjon

Nyinnflyttar til NGIR-området?

Dersom du ikkje har budd i ein NGIR-kommune, må du gjera deg kjend med renovasjonsordninga her. Hugs å melda flytting til folkeregisteret så tidleg som mogleg. NGIR pliktar å bruka dette registeret for å senda ut informasjon og faktura til våre kundar.

Alle bustader i Nordhordland må ha ei renovasjonsordning. Når du flyttar til ein ny bustad i NGIR-området, har du sjølve ansvar for å skaffe dei bossdunkane som du treng til ditt avfall. NGIR har tre avfallsdunkar som standard. Ein til bioavfall (140 l), ein til papir og papp (140 l) og ein til restavfallet (140 l). Dersom du treng større dunk for restavfall og papir, kan du bestilla det hjå NGIR. For plastemballasje får du utdelt blanke plastsekkar som du set ut ved sidan av papirdunken din. Sjå sorteringsguiden under. Dersom du ynskjer å kompostera matavfallet, kan du inngå avtale om heimekompostering. Avtale om heimekompostering

Sorteringsguide for hushald (pdf)

I sameige og burettslag brukar ein ofte fellesløysingar for avfall. Flyttar du inn i ein slik bustad, får du informasjon om avfallsordninga hjå eigar.

Når du sel og kjøper eigedom, oppstår det ofte større mengder avfall, til dømes emballasje, byggings- og rivingsavfall, møblar, elektrisk og elektronisk (EE-avfall) og farleg avfall. Slikt avfall skal leverast på gjenvinningsstasjonane, og som hushaldskunde i NGIR kan du levera dette utan ekstra kostnad.

Når du flyttar inn i nyoppført bustad

Når bustaden din er klart for innflytting, får NGIR ein såkalla «attest» frå kommunen. NGIR opprettar eigedomen i vårt kunderegister, og registrerer bustadgebyr på eigedomen frå og med neste termin. Faktura vert automatisk send til tinglyst eigar. Du er sjølve ansvarleg for å bestilla bossdunkane. Fyll ut skjemaet og send det til oss. Bestilling eller endring av renovasjon  Det kan vera opptil 14 dagars leveringstid på dunkane. Dersom du er seint ute, kan du sjølve henta dunkane i Kjevikdalen.

I samband med innflytting av nye eigedom, oppstår det ofte større mengder avfall, til dømes byggingsavfall, emballasje, og farleg avfall. Slikt avfall skal leverast på gjenvinningsstasjonane, og som hushaldskunde i NGIR kan du levera dette utan ekstra kostnad.

Overtaking av eigedom

Har du kjøpt ein bustad som allereie har renovasjonsordning og bossdunkar, overtek du automatisk denne. Dersom du ynskjer å gjera endringar, anten å få større dunkar eller anna frekvens på tømminga, må du fylla ut skjema om endring av renovasjon og senda dette til NGIR:

Søknadsskjema for bestilling eller endring av renovasjon (pdf)

NGIR får melding om at du har blitt ny eigar via eigedomsregisteret når salet er tinglyst. Du er då ansvarleg for ordninga og for å betala gebyret. Skjer eigarskiftet midt i terminen, kan kjøpar og seljar eventuelt dela gebyret mellom seg. Ein kan bruka same KID og kontonummer for innbetaling av delbeløpa.

Når du sel og kjøper eigedom, oppstår det ofte større mengder avfall, til dømes byggings- og rivingsavfall, møblar, elektrisk og elektronisk (EE-avfall) og farleg avfall. Slikt avfall skal leverast på gjenvinningsstasjonane, og som hushaldskunde i NGIR kan du levera dette utan ekstra kostnad.

Når du sel bustaden din

Når du sel eigedomen din, får NGIR varsel frå eigedomsregisteret om eigarskifte når salet er tinglyst. Dunkane følg eigedomen, slik at ny eigar overtek dine dunkar og di renovasjonsordning. Dersom den nye eigaren ynskjer å gjere endringar, må han melda dette til oss. Det er tinglyst eigar som er ansvarleg for at gebyret vert betalt. Skjer eigarskiftet midt i terminen, kan kjøpar og seljar eventuelt dela gebyret mellom seg. Ein kan bruka same KID og kontonummer for innbetaling av delbeløpa. Hugs å avslutta eventuelle betalingsavtalar (til dømes Avtalegiro) når du har betalt siste gebyr til NGIR. Det er ditt ansvar å sørgja for at avtalane vert avslutta i banken din.

Når du sel og kjøper eigedom, oppstår det ofte større mengder avfall, til dømes byggings- og rivingsavfall, møblar, elektrisk og elektronisk (EE-avfall) og farleg avfall. Slikt avfall skal leverast på gjenvinningsstasjonane, og som hushaldskunde i NGIR kan du levera dette utan ekstra kostnad.

Kompoststrø

Ein føresetnad for å lukkast med komposten er å tilsetja tilstrekkeleg med strø og snu på komposten med jamne mellomrom. Som strø kan du bruka sagflis, opprivne eggekartongar eller ferdigkjøpt strø. Alle hushald som komposterer matavfallet har tilbod om å henta ein gratis sekk med kompoststrø i året.

Utleveringsstader

  • Lindås: Eining for funksjonshemma, Gjenvinningsstasjonane på Manger, Litlås, Mjåtveit og i Kjevikdalen.
  • Gjenbruksbutikken til KIM (Knarvik).
  • Einekavane i Masfjorden.
  • Modalen kommune, teknisk avdeling.
  • Gulen kommune, teknisk avdeling.
  • Solund kommune, teknisk avdeling.

Varmkompostbingen er NGIR sin eigedom og kan ikkje seljast, gjevast vekk eller flyttast ut av regionen. Om det vert oppdaga feil og manglar ved kompostbingen, skal det gjevast melding til NGIR.

Dersom du ønskjer å slutta med varmkompostering skal NGIR ha melding, og bingen returnerast.

Nye sekkar og posar

pose
renovasjon

Sekkar for plastemballasje

Legg ei avis eller eit vekeblad i ein plastpose og legg denne under loket på ein bossdunk – det er same kva dunk det er.

Bioposar

Legg ein tom bærepose under loket på ein bossdunk, same kva dunk, så får du utlevert ein rull med bioposar til matavfall.

Du kan og få sekkar og posar på gjenvinningsstasjonane og gjenbruksbutikken i Knarvik.

Returpunkt

Glas- og metallemballasje skal leverast i konteinarar på eigne returpunkt. Desse finn du ved sidan av kjøpesenter og nærbutikkar. Søk i kartet for å finna ditt næraste returpunkt.

Kart