Tømmekalendar

Henteruter og tømefrekvens

Her finn du henterute for restavfall, papir/plast og bioavfall for din kommune:
Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Meland, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund.

Tømming

• Restavfall (dunken med gråsvart lok) vert tømt annankvar veke.
• Papir, papp, drikkekartong (dunken med blått lok) vert tømt annankvar veke.
• Plast vert henta annankvar veke saman med papirdunken.
• Bioavfall (dunken med brunt lok – for dei som ikkje heimekomposterar): Kvar veke.

Kart over henterutene i NGIR

Klikk på lenka under og finn oversikt over dei ulike henterutene i NGIR. Du kan søkje på adressa di og finne aktuell rute for din eigedom.

Kart over henteruter i NGIR.

NB! Det er ikkje tømming på raude dagar i mai

Bosset vert difor ikkje tømt 1., 10., 17. og 21. mai. Dersom dunkane vert fulle før neste ordinære tømming, kan du nytta ein bossekk til restavfall og ein blank plastsekk til papir og papp. Ver venleg å ikkje blanda plast og papir i same sekk.

Restavfallssekken kan setjast ut ved neste ordinære tømming av restavfall. Plastsekken med papir og papp kan setjast ut ved neste ordinære tømming av papir og papp. Du kan alltid setja ut fleire plastsekkar med plastemballasje.