Haustrydding i Solund

I 2018 vil NGIR køyre haustrydderute, farleg avfallsrute og henterute for eternitt/asbest, isolerglas og trykkimpregnert materiale i Solund kommune etter tradisjonell modell. Det betyr at mellombels mottak i Solund vert utsett til våren 2019. 

Haustrydderuta vert køyrd i Solund fredag 31. august i Ytre Solund, til og med Steinsund bru, og laurdag 1. september i Indre Solund, frå Steinsund bru.

NGIR vil køyre farleg avfallsrute og henterute for eternitt/asbest, isolerglas og trykkimpregnert materiale same dag, onsdag 5. september.

For haustrydderuta (31.08 og 01.09) gjeld det følgjande:

Legg ulikt avfall kvar for seg på fast underlag og set det ut før kl. 07.00 der du vanlegvis set ut dunkane dine. Avfallet bør setjast ut så nær hentetidspunktet som mogleg, og tidlegast 14 dagar før. Sørg for at det ikkje kan gjera skade på folk og dyr eller i naturen. Fjern ting som ligg lagra i nærleiken som ikkje skal hivast. NB! Kvitevarer må ikkje innehalda boss.

Dette kan du levera på haustrydderuta

  • Elektrisk og elektronisk (EE) avfall
  • Metall
  • Restavfall som er for stort til bossdunken, til dømes stoffmøblar og madrassar.
  • Trevyrke inntil 1 m3 (impregnert trevyrke skal leverast til eiga henterute, 5. september. Sjå henterute for eternitt/asbest, isolerglas og trykkimpregnert materiale lenger ned på sida.)

Dette kan du ikkje levera på haustrydderuta

  • Bildekk
  • Farleg avfall (sjå eiga rute som vert køyrd onsdag 5. september. NB! Farleg avfall skal leverast personleg)
  • Glas- og metallemballasje (eigne returpunkt)
  • Hageavfall
  • Matavfall/slakteavfall
  • Medisin (apotek)
  • Større mengder bygge- og rivingsavfall
  • Tekstilar

Det er ikkje lov å setje ut avfall etter klokka 07.00. Grunnen til dette er at NGIR kvart år opplever at avfall vert satt ut etter at bilane våre har vore på staden og tømt avfall. Henting av avfall vert utført av tre bilar; ein for restavfall, ein for stål og ein for EE-avfall, og desse kan kome til forskjellige tider.

Henterute for farleg avfall, eternitt/asbest, isolerglas og trykkimpregnert materiale vert køyrd 5.september.

Du skal møta opp personleg for å levera avfall. Ordninga er for private hushald og hyttekundar, ikkje næringskundar. Sjå oversikt nedst i artikkelen for tidspunkt for når me er på dei ulike hentepunkta.

For eternitt/asbest, isolerglas og trykkimpregnert materiale, gjeld det følgjande:

Denne type avfall kjem ofte i store mengder, og dette krev eigen hentebil.

Krav til levering:

  • Eternitt/asbest skal leverast på pall, innpakka i byggingsplast (dampsperre 0,32 mm).
  • Isolerglasruter kan leverast enkeltvis eller spikra ståande på pall.
  • Trykkimpregnert materiale skal kappast i pallelengder og leverast fastsurra på pall. Dette er fordi avfallet vert henta med kranbil.

For spørsmål om pakking og emballering, ring 488 96 148.

For farleg avfall, gjeld det følgjande:

  • Bruk tett emballasje (helst originalemballasje).
  • Tydeleg merking med opplysningar om innhald.

Bland aldri ulike stoff. Levér slantane i kvar si flaske.

Døme på farleg avfall:

Måling, lim, lakk, olje, sprayboksar, reingjeringsmiddel, syrer, basar, alle typar batteri, plantevernmiddel, lyspærer, lysstoffrøyr, spillolje på tett småemballasje opp til 25 l kanner. NB! All tomemballasje som har innehalde farleg avfall er restavfall. Tomme 200 liters spuns-/spennlokkfat skal leverast som metall på vårrydderute.

Dette kan du ikkje levera:

  • Medisin – skal leverast til apotek
  • Fyrverkeri og pyroteknisk utstyr, sprengstoff og ammunisjon – kontakt politiet
  • Smitteavfall

Tidspunkt for dei ulike hentepunkta på ruta for farleg avfall, eternitt/asbest, isolerglas og trykkimpregnert materiale:

Solund Onsdag 5. september
12.00-12.30 Nordre Hjønnevågen
11.00-11.20 Hersvikbygda (kaia)
11.45-12.15 Eide v/Sulefisk (kaia)
12.30-13.30 Hardbakke (ved butikksenteret)

Vis ansvar – kast ikkje farleg avfall i naturen!