Gjenvinningsstasjon i Solund

NGIR opprettar gjenvinningsstasjon ved Solund Verft i Solund etter god dialog med Solund kommune og Solund Verft. Denne erstattar rydderutene, og det betyr at det ikkje vil bli køyrd fleire rydderuter, heller ikkje våren 2019. Abonnentane i Solund må med den nye ordninga sjølv levera avfallet sitt til stasjonen.

Set difor ikkje ut boss i grøftene.

Det er fleire grunnar til at me no vel å gå over til gjenvinningsstasjon ved Solund Verft. Ved den gamle ordninga vart avfallet plassert usortert i vegkantantane, gjerne i lang tid i forkant av at rydderutene vart køyrd. Konsekvensen av dette er dårleg sortering, risiko for skade på særleg born og dyr, og det er også eit estetisk problem. Avfall kan også kome på avvege. Å oppretta gjenvinningsstasjon ved Solund Verft er framtidsretta og haldningsskapande avfallshandtering. Med eigen gjenvinningsstasjon i Solund kommune får innbyggjarane ei ordning og eit tilbod som er likt for dei aller fleste innbyggjarane i NGIR-regionen.

Dersom nokon har spørsmål om ordninga som vert omtalt her, ber ein om at spørsmåla vert retta direkte til NGIR, og ikkje til kommuneadministrasjonen i Solund. 

NGIR planlegg å opne denne stasjonen 24. august 2019. Stasjonen vil vera open 1 laurdag i månaden frå klokka 09.00 – 15.00. Vidare vil NGIR halde stasjonen open den tredje laurdagen i månaden.

Opningsdagar gjenvinningsstasjon ut 2019:

  • 24. august
  • 21. september
  • 19. oktober
  • 16. november
  • 21. desember

Følgjande fraksjonar kan leverast på gjenvinningsstasjonen:

Restavfall
Trevyrke
Trykkimpregnert
Kvitevarer
Metall
Farleg avfall
EE-avfall
Papp/plast
Papir

Gode tilbakemeldingar

Etter at NGIR innførte «mellombelse gjenvinningsstasjonar» på Fedje og i Modalen har ein ikkje mottatt klager på ordninga. Hjå NGIR vonar ein at abonnentane i Solund kommune vert nøgd med den nye ordninga.