Gjenvinningsstasjonar

Gjenvinningsstasjon-Kjevikdalen
Gjenvinningsstasjonen i Kjevikdalen

Hushalds- og hyttekundar kan nytta gjenvinningsstasjonane til å levera avfall som ikkje går i dunkane; glas- og metallemballasje, metall, trevirke (både reint og trykkimpregnert), klede (Fretex- og UFF-konteinar), isolerglas, møblar, hageavfall, elektrisk og elektronisk (EE) avfall og farleg avfall.

Levering av asbesthaldig avfall

Arbeidstilsynet har eiga forskrift for å sikra at asbesthaldig avfall vert handtert forsvarleg. Slik gjer du før levering til ein gjenvinningsstasjon:

  • Levering av asbest/eternitt skal setjast på eigne pallar.
  • Avfallet må vera godt emballert i byggingsplast som skal vera 0,32 mm tjukk.
  • Uemballert asbesthaldig materiale vert avvist.

Bilvrak og bildekk kan berre leverast i Kjevikdalen. Les meir om levering av bilvrak her. Forhandlarar av dekk er og pliktige til å ta i mot bildekk.

I gjenbrukskonteinaren kan du setja brukbare ting som du vil kvitta deg med. Knarvik Industri og Miljø hentar salgbare ting til Gjenbruksbutikken på Knarvik.

Køyretøy over 3,5 tonn: Det er forbode å køyra med alle type traktorar samt køyretøy med tillete totalvekt over 3,5 tonn på alle gjenvinningsstasjonane.

NGIR har fire gjenvinningsstasjonar i Nordhordland.

Kjevikdalen gjenvinningsstasjon, Lindås kommune

Praktisk informasjon

Adresse: Kjevikdalen, Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin.

Gjenvinningsstasjonen vart oppgradert og nyåpna januar 2010. På denne stasjonen kan du levera alle typar avfall. Du kan ryggja bilen inn i båsar og kasta avfallet ned i konteinarar. For større mengder avfall og næringsavfall finst det vekt for å vega avfallet.

Opningstider

Måndag-onsdag, fredag: 08.00-15.30
Torsdag: 08.00-19.00
Laurdag: 09.00-15.00

Sjekk når det er minst kø på din gjenvinningsstasjon.

Lite/ingen kø
Kan oppstå noko kø
Stor fare for kø
Stengt

 Trafikk Kjevikdalen, vinterhalvår:

Trafikk Kjevikdalen, sommerhalvår:

8-9 9-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 16-17 17-18 18-19
M
Ty
O
To
F
L

Litlås gjenvinningsstasjon, Austrheim kommune

Praktisk informasjon

Adresse: Litlås industriområde, Litlås 9, 5954 Mongstad.

På denne stasjonen kan du levera alle typar avfall, bortsett frå bilvrak og bildekk. Næringsavfall kan berre leverast i Kjevikdalen.

Opningstider

Måndag: 13.00-19.00
Laurdag: 09.00-15.00

Sjekk når det er minst kø på din gjenvinningsstasjon.

Lite/ingen kø
Kan oppstå noko kø
Stor fare for kø
Stengt

Trafikk Litlås, vinterhalvår:

8-9 9-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 16-17 17-18 18-19
M
L

Trafikk Litlås, sommarhalvår:

8-9 9-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 16-17 17-18 18-19
Lau

Manger gjenvinningsstasjon, Radøy kommune

Praktisk informasjon

Adresse: Solendmyra 6, 5936 Manger.

På denne stasjonen kan du levera alle typar avfall, bortsett frå bilvrak og bildekk. Næringsavfall kan berre leverast i Kjevikdalen.

Opningstider

Tysdag: 13.00-19.00
Laurdag: 09.00-15.00

Sjekk når det er minst kø på din gjenvinningsstasjon.

Lite/ingen kø
Kan oppstå noko kø
Stor fare for kø
Stengt

Trafikk Manger, vinterhalvår:

8-9 9-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 16-17 17-18 18-19
Ty
Lau

Trafikk Manger, sommarhalvår:

8-9 9-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 16-17 17-18 18-19
Ty
Lau

Mjåtveit gjenvinningsstasjon, Meland kommune

Praktisk informasjon

Adresse: Mjåtveit næringspark, Rosslandsvegen 392, 5918 Frekhaug.

På denne stasjonen kan du levera alle typar avfall, bortsett frå bilvrak og bildekk. Næringsavfall kan berre leverast i Kjevikdalen.

 

Opningstider

Onsdag: 13.00-19.00
Laurdag: 09.00-15.00

Sjekk når det er minst kø på din gjenvinningsstasjon.

Lite/ingen kø
Kan oppstå noko kø
Stor fare for kø
Stengt

Trafikk Mjåtveit, vinterhalvår:

8-9 9-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 16-17 17-18 18-19
Ons
Lau

Trafikk Mjåtveit, sommarhalvår:

8-9 9-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16 16-17 17-18 18-19
Ons
Lau

 

Reglar for gjenvinningsstasjonane

Avfall frå hushald eller hytter i NGIR-kommunane kan leverast på gjenvinningstasjonane.
Me tek ikkje betaling på gjenvinningsstasjonane. Stasjonane er finansierte av hushalds- og hytteabonnentar, og næringsavfall kan difor ikkje leverast.

Næringsavfall må leverast over vekt i Kjevikdalen.
Tilsette på stasjonen har full rett til å visa bort personar ved mistanke om levering av næringsavfall.

Born under 10 år skal sitja i bilen.
Til tider er det mykje trafikk her. Det kan vera vanskeleg å oppdaga born mellom bilar og tilhengjarar. La borna sitja i bilen!

Vis køkultur og følg vanlege trafikkreglar.
Vanlege trafikkreglar gjeld på stasjonen. NGIR er ikkje ansvarleg for skadar som oppstår på køyrety eller personar, dersom skadane ikkje skuldast NGIR-tilsette.

Det er ikkje lov å omsetja avfall på stasjonen.
NGIR sine tilsette har ikkje lov å selja ting frå stasjonen. Eventuell handel av ting mellom abonnentar må gjerast utanfor stasjonen.

Roting i bur og konteinarar er ikkje tillete.
Publikum kan ikkje ta med seg ting frå stasjonen. Roting i bur og konteinarar fører til meirarbeid for NGIR, og ting kan verte omsett i ein illegal marknad. Dette er ikkje tillete.

Vis ordenssans – rydd opp.
Me ynskjer at stasjonane skal vera ryddige og trivelege for både publikum og tilsette. Me set difor stor pris på at du ryddar etter deg. Spør personalet etter kost og spade.

Publikum skal retta seg etter tilvisingar frå NGIR sine tilsette på stasjonen. Dersom nokon ikkje er villige til å sortera etter dei ordningar som me tilbyr, kan dei visast vekk frå stasjonen.
Publikum kan ta kontakt på tlf 56 34 33 10 eller e-post: post(a)ngir.no

Takk for hjelpa!