Forbod mot store køyretøy frå 1. mai 2016

Frå 1. mai i år vert det forbode å køyra med alle traktorar, samt køyretøy med tillete totalvekt over 3,5 tonn på alle NGIR sine gjenvinningsstasjonar. Forbodet vert innførd for å ta vare på tryggleiken til kundar og tilsette.

Stor trafikk på stasjonane
Gjenvinningsstasjonane til NGIR er for hushalds- og hyttekundar, og ingen av dei fire stasjonane er bygd for store køyretøy. På somme dagar er det stor trafikk på stasjonane, både av privatbilar, lastebilar og traktorar med hengjarar. Med mange store køyretøy og mykje folk på stasjonen, mistar både kundar og dei tilsette oversikt. Sjølv om det er forbod for born under 10 år å gå rundt på stasjonane, kan og vaksne verta lite synlege bak ein stor varebil eller traktor. Me ser stadig farlege situasjonar der store køyretøy hindrar utsikt for andre trafikantar.

Store køyretøy kan levera over vekt
Dei som ynskjer å levere avfall i traktorar og køyretøy over 3,5 tonn, kan levera avfallet over vekt til NGIR sitt mottak i Kjevikdalen etter gjeldande prislister som finst på ngir.no/naering/prisar.

Tryggleiken er viktigast
Me skjønar at det kan vera praktisk med store bilar og traktorar for levering av avfall, men vonar at kundane våre har forståing for at tryggleiken for kundar og tilsette på stasjonane er viktigare omsyn å ta.

Traktorar og lastebilar er forbode på gjenvinningsstasjonane