Faktura vert sendt i veke 41-42

Fleire av NGIR sine kundar har etterlyst faktura for renovasjonen. Faktura vert sendt ut i veke 41-42. NGIR har prioritert å bruka ressursane til å oppretthalda henting av avfall (på grunn av konkursen til RenoNorden) og har difor utsett faktureringa nokre veker. Det er viktigare at avfallet vert henta i tide enn at faktura vert sendt ut til vanleg tid. Hugs å leggja inn KID-nummeret ved betaling!