Bosstømming raude dagar i mai

Det er ikkje bosstømming på raude dagar og alle gjenvinningsstasjonar er stengde desse dagane.

Bosset vert difor ikkje tømt 1., 10., 17. og 21. mai. Dersom dunkane vert fulle før neste ordinære tømming, kan du nytta ein bossekk til restavfall og ein blank plastsekk til papir og papp. Ver venleg å ikkje blanda plast og papir i same sekk.

Restavfallssekken kan setjast ut ved neste ordinære tømming av restavfall. Plastsekken med papir og papp kan setjast ut ved neste ordinære tømming av papir og papp. Du kan alltid setja ut fleire plastsekkar med plastemballasje.

Me ynskjer alle ein flott mai månad!