Bosstømming og opningstider jul og nyttår 2018/2019

Bosstømming og opningstider jul og nyttår 2018/2019

Det vert ikkje bosstømming på raude dagar, og alle gjenvinningsstasjonane er stengde desse dagane. På julaftan vert det heller ikkje henta boss, men me hentar nyttårsaftan. Vert dunken full, kan du setja ut ekstra sekkar med restavfall ved neste ordinære restavfallstømming. Har du mykje papp og papir, kan du fylla det i ein emballasjeplastsekk og setja den ut ved neste ordinære papirtømming. Du kan alltid levera fleire sekkar med plastemballasje.

Hushaldskundar som har tømming på raude dagar og julaftan får varsel på SMS. Både tømming tysdag 25. desember og tysdag 1. januar går ut. For desse vil det verta køyrd ekstra tømming av matavfall 28. desember. For kundar i Solund som har tømmming tysdagar, vert ordninga annleis. Det vert send informasjon om endringar på SMS til deg som har tømmedag i Solund tysdagar. Kundar i Modalen vil også få ei tilpassa ordning med informasjon på SMS.

NB! I denne høgtida oppstår det spesielt mykje avfall av typen isopor og gåvepapir. Begge desse sortane skal i restavfallet!

Opningstider jul og nyttår 2018/2019