Bosstømming i påska

Det vert ikkje bosstømming på raude dagar. Bosset vert difor ikkje tømt 29. mars–2. april. Dersom dunkane vert fulle før neste ordinære tømming, kan du nytta ein bossekk til restavfall og ein blank plastsekk til papir og papp. Ver venleg å ikkje blanda plast og papir i same sekk.
Restavfallssekken kan setjast ut ved neste ordinære tømming av restavfall. Plastsekken med papir og papp kan setjast ut ved neste ordinære tømming av papir og papp. Du kan alltid setja ut fleire plastsekkar med plastemballasje.

Opningstider for gjenvinningsstasjonar, resepsjon, bil-/båtvrak

26.-27. mars: Vanleg opningstid
28. mars: 08.00-12.00 i Kjevikdalen. Mjåtveit gjenvinningsstasjon stengd
31. mars: Stengd

Me ynskjer alle ei god påske!