Bosshentinga framover

RenoNorden-sjåførane er tilsett i mellombelse stillingar, og bossbilane er leasa av NGIR.

NGIR har tilsett dei tidlegare RenoNorden-sjåførane i mellombelse stillingar, og bossbilane er leasa. I tillegg har NGIR kjøpt eit par eigne bossbilar. Ein koordinator frå Retura Vest er leigd ut året for å organisera sjåførar og bossbilane. Kontorlokala til Retura Vest på Mjåtveitflaten vert hovudbase for koordinator, sjåførar og bossbilar.

På sikt

Me veit framleis ikkje om framtidig drift vert i egen regi eller om det skal setjast ut på anbod. Dette skal handsamast i styret/representantskapet i NGIR, og me reknar med det kan ta nokre månader før dette er avgjort.